NRK Meny
Normal

Farleg møte

For 240 millionar år sidan levde dei første krokodilleliknande forfedrane til dagens krokodillar. Det finst 23 ulike krokodilleartar. Tre av dei finst på Akvariet i Bergen, mellom anna den truga cubakrokodillen.

Av:

Ingelin Røssland

/

og Ingrid Wold

Cubakrokodillane er både agressive , superraske og nær sagt altetande. Ikkje rart dei må bu isolerte på Akvariet i Bergen! (Foto: NRK/Ingelin Røssland)

Det er to "damer" som har sett seg i respekt hos alle som jobbar på Akvariet, og det er dei to cubanske krokodillane. Dei lever i eit basseng for seg sjølv, rett og slett fordi dei er så aggressive at dei ville ete alt anna levande som hadde blitt putta opp i dammen deira. Dei to mindre krokodillane på Akvariet, som begge er kaimanar, ville blitt etne opp på null komma niks!

Pass på!

Når krokodillane ligg og flyt i vassflata, kan dei sjå trege og fredelege ut, men det er berre eit bedrag. Krokodillen er superrask og slår til i løpet av sekund når han ser ein godbit. Han kan også hoppa høgt.

– Då vi fekk cubakrokodillane var dei berre 70 cm lange. Likevel prøvde dei å ta oss kvar gong vi kom inn for å mata dei, fortel dyrepassar på Akvariet i Bergen, Joachim Ekeli.

Han fortel at målet til desse glupske dyra truleg er å få tak i ein arm eller ein fot til ein av dyrepassarane.

– Derfor går vi aldri åleine inn til desse krokodillane, og vi brukar eit skjold og ein lang kost for å halda dei på avstand, seier Joachim.

Her ligg cubakrokodillen og ventar på mat (Foto: NRK/Ingelin Røssland)

Truga dyreart

Den cubanske krokodillen høyrer til blant dei ekte, mellomstore krokodillane. Dei blir sjeldan meir enn 3,5 meter.

Ungane et for det meste insekt og fisk, mens dei vaksne et små pattedyr, fisk og skjelpadder. Arten bur stort sett i sumpområde. Den cubanske krokodillen er truga i naturen fordi menneska øydelegg leveområda deira.

Ein annan grunn til at denne krokodillen er truga, er rett og slett fordi han er så frykta at menneska drep han. Menneska drep også krokodillar for å få tak i det mjuke bukskinnet som blir brukt til mellom anna vesker og sko.

Ulike krokodillar

Joachim Ekeli viser dyrepassaren Rune korleis han skal halda brillekaimanen som har fått namnet Idar!(Foto: NRK/Ingelin Røssland)

Vi deler krokodilleslekta i tre: det er dei ekte krokodillane, alligatorar og kaimanar, og til slutt gavialar.

På Akvariet i Bergen bur det to kaimanar, ein brillekaiman og ein dvergkaiman, som er verdas minste og kanskje søtaste krokodille!

Sidan kaimanane er ganske rolege, er det er ein del menneske som har dei som kjæledyr.

I Noreg er det ikkje lov å ha krokodillar og andre reptilar som kjæledyr. Begge kaimanane på Akvariet vart beslaglagd av politiet fordi nokon har brote lova og hatt dei som kjæledyr.

Sjølv om kaimanane er mykje snillare enn cubakrokodillane, er det verd å passa fingrane sine her også.

Brillekaimanen Idar ser liten og snill ut, men skinnet kan bedra! (Foto: NRK/Ingelin Røssland)

Lyd og video

  • Akvariet, ep. 3 -