Hopp til innhold

Finaleplass for Subwoolfer og Noreg

Vidare gjekk også norsk-greske Amanda Tenfjord og Hellas, samt oddsfavoritt Ukraina. Noreg skal opptre i første halvdel av finalen.

Første halvdel for Subwoolfer i ESC.

ULVAR: Dei to ulvane vi ikkje kjenner identiteten til gler seg til finalen og håpar på siger.

Foto: Andres Putting / EBU

– Dette var wolftastic, seier ulvane i Subwoolfer til NRK.

Dei seier også det var gøy å stå på scena og føle at heile salen var med å synge.

På pressekonferansen seier deira talsmann at dei skal feire med å spele songen ein gong til på laurdag.

Dei håpar med andre ord å vinne finalen.

– Det er utruleg synd at dei skal opptre i første halvdel, men eg er sikker på at dei vil gjere ein god figur. Dei er trass alt unike, seier Morten Westgaard i Eurovision Norway.

WOOF: Her kan du sjå Noreg.

Hellas får den «gode halvdelen»

Medan Noreg skal opptre i første halvdel av finalen, skal Amanda Tenfjord og Hellas opptre i den andre halvdelen under laurdagens finale.

Ho seier det var ei god oppleving på scena i dag.

Amanda Tenfjord skal opptre i andre halvdel

HELLAS: Frå Sunnmøre til Torino. Norsk-greske Amanda Tenfjord skal til finalen.

Foto: Andres Putting / EBU

Det kjennest veldig bra å stå på scena. Eg følte applausen gjennom monitoren i øra, sa Tenfjord på pressekonferansen.

Ukraina vil vise at dei eksisterer

Under pressekonferansen var det Oleh Psiuk, eller mannen med den rosa hatten, som prata på vegner av Kalush Orchestra.

– Vi vil verkeleg takke alle som vel å støtte Ukraina, starta han med.

Slik såg det ut då Ukraina var på scena

APPLAUS: Heile salen heia då Ukraina var på scena.

Foto: CORINNE CUMMING / EBU

Songen deira «Stefania» skreiv Oleh om si mor lenge før krigen. Mange i Ukraina har etter starten av krigen følt at songen er om deira mor, heimlandet Ukraina.

Psiuk seier han ikkje hadde fått snakka med mora enno, men hadde fått tekstmelding. På eit spørsmål om korleis dei held seg rolege når det er krig i landet deira svarer han klart.

– Vi er her for å bevise at ukrainsk kultur eksisterer.

Blir den 57. finalen til Noreg

Med denne finaleplassen held Subwoolfer fram trenden om å vise eit norsk bidrag i den store finalen, som i år er laurdag 14. mai.

I fjor var det Andreas Haukeland, best kjent som Tix, som representerte Noreg i Eurovision.

OGSÅ I ÅR: Her er Tix som DJ Astronaut for Subwoolfer.

Han kom på 18.-plass og fekk 75 poeng.

Den andre semifinalen er torsdag 12. mai klokka 21:00. Den kan du følge på nrk.no og NRK1.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober