Av Kjersti Wøien Håland
– Vi konstruerer eigne verkelegheiter heile tida. Fantasy tek det berre eit skritt lenger, seier psykolog og forfattar Kristine Tofte til reporter Ninja Benneche. Heile kveldens episode av Bokprogrammet er via til fantasylitteratur.
«Kva om?»
Tofte meiner at å flytte grensene for kva vi forstår som realistisk er viktig for å læra noko nytt.
– Det er ein del av det store menneskelege prosjektet, å forstå kvarandre og verda vi lever i. Fantasy utfordrar spelereglane og kan gi meir forståing både som lesar og forfattar, seier ho.
Ho omtalar det som eit magisk «kva om?».
– Det er det spørsmålet som stadig driv oss framover, «kva om verda var annleis?»
Redda av nettaksjon
Gjennom ein internettkampanje for å redde Eirabu har bloggar Ida Jackson oppfordra tilhengjarar til å førehandsbestille den nyaste boka til Tofte, Song for Eirabu. Bok 2. Kampanjen blei starta som reaksjon på at forlaget berre hadde planlagt å trykke ei handfull av boka.
Fire månader før lansering av oppfølgjaren låg den på andreplass på top ti-lista til Haugen Bok.
– Det viser seg at sosiale medium har mykje meir utslag enn tradisjonelle kanalar, sa Tofte til BT.no etter den overveldande responsen på nett.
Norrøn inspirasjon
I Song for Eirabu lyder spørsmålet slik: Kva om norrøn mytologi var sann? Boka er sett til jernalderen i ei verd før vår eiga vart skapt, der dei norrøne gudane er høgst verkelege. Ho hentar mykje inspirasjon til skrivinga frå barndommen, og naturen som omgav ho.
– Foreldra mine hadde stor interesse for norrøn mytologi, så for meg er det ein stor del av barndommens verd, seier ho.
Av dei mange historiene frå norrøn mytologi er det spesielt ei ho vil trekkje fram som inspirasjon.
– Magien for meg ligg i Voluspå. Denne skapelsesberetninga som antyder at ei verd fantest før vår, og ei verd kjem etter. Det som skjer i det eine universet, pregar det neste, seier ho.
Både hennar bruk av norrøn mytologi og det nynorske språket gjer bøkene hennar til eit unikt norsk bidrag til fantasysjangeren. Heimen til dei to søstrene, Ragna og Birgitte, er basert på hennar barndomsheim på Vestlandet, og fjellandskapet har fått liv gjennom dvergane som bur i dei.
– Å vekse opp langs kysten gjer at ein alltid har dei mystiske fjella der. Som barn lurer ein på kva som går føre seg der inne, seier ho til Bokprogrammet.
Mangel på norske bidrag
I ein kronikk i Dagbladet i februar skreiv Tofte at forlagsbransjen i Noreg må satse på fantasy. Ho oppdaga fantasyen i Danmark, men då ho flytta til Noreg vart det skralt.
– Eg leitte i bibliotek og bokhandlar etter all den fantastiske norske litteraturen eg hadde til gode. Men norsk fantasy for vaksne fantest ikkje i det heile teke, skreiv Tofte i avisa.
Det var noko ho vil endra på. Ho meiner sjangeren ikkje berre er for barn og ungdom, men kan setje eit nytt ljos på vårt eige samfunn, for vaksne òg. Kva om individet hadde meir makt?
– Ein kan trekkje essensen av eit heilt univers inn i ein karakter, med ei vilje. Det å gi ein karakter magiske krefter blir som å putte heile makta til ein hær inn i ein person. Det gir enorme moglegheiter og ansvar til eit individ. Noko som i vår verd ville vore samla i eit stort byråkratisk system, seier ho.
Bok nummer to om Eirabu kjem ut i juni.
Har du tankar om norsk fantasy som du har lyst til å dele med oss? Gå inn på Bokbloggen!