Hopp til innhold

Her riv Barbie av seg hovudet

Fotografen Dina Goldstein undra seg «Kven er Ken?» Ho fann på si eiga mørke historie om det rosa paret som ho foreviga gjennom levande modellar.

Canadiske Dina Goldstein vart inspirert av sin dotter, som leika med Barbie-dokker og Ken'ar, til å lage ein fotografiserie kalla «In The Dollhouse», eller «I Dokkehuset».

Goldstein har alltid lurt på kven Ken er. Er han mannen? Kjærasten? Berre ein ven eller «arm candy», altså trofémann?

Ho bestemte seg for å lage sin eigen fantasiforteljing om det ikoniske paret.

– Fotoserien «I dokkehuset» utforskar dei ikkje så perfekte liva til B og K, seier Goldstein.

– B er den mest suksessrike dokka i heile verda. Partnaren hennar K derimot strevar med å finne ut av sin seksualitet og er fanga i eit kjærleikslaust ekteskap, seier ho.

Kjønnsroller

Prosjektet ser også på kva som skjer med kjønnsrollene i det moderne samfunnet.

barbie ken

Ken har hemmelege draumar om menn.

Foto: ©Dina Goldstein

– Prosjektet mitt utforskar ein subkultur av menneske som avviser kjønnsroller. For å illustrere dette har eg analysert eit populært leiketøy og «mannen» hennar, seier Goldstein.

Barbie og Ken er framleis populære leiketøy, og har overlevd tiår med kulturell evolusjon.

– Barbie har blitt kritisert for å vere anti-feminist og ein urealistisk rollemodell. Men trass kritikken har ho blitt den mektigaste dokka i heile verda, seier Goldstein.

– Ken er ein flamboyant mann som har forandra seg til det me i dag vil kalle ein metroseksuell mann. Han er motsetninga til den muskuløse og übermannlege G.I. Joe, fortel ho om rollefigurane sine.

Sprekkar i fasaden

barbie

Det heile endar med at Barbie «mistar hovudet», også bokstaveleg tala.

Foto: ©Dina Goldstein

Det er ikkje så lett å vere korkje Barbie eller Ken, ifølgje fotoserien.

– Me får innsyn i dagleglivet til desse karakterane, og deira eksistens i eit samfunn i stadig endring. Etter tiår i ein påtvungen partnarskap må B og K sjå nøye på liva sine i dokkehuset, seier Goldstein.

– Dei utforskar sine redslar og hemmelege begjær. Som alle andre må dei til slutt sjå sanninga i augo og takle konsekvensane, seier ho.

Sjå video av korleis «In The Dollhouse» vart laga.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vil du sjå fleire alternative Barbie-historiar kan du ta ein titt på bileta til fotografane Marie Clayton og Sarah Haney.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.