Onsdag la Pressens Faglige Utvalg fram statistikken for 2016.
Den viser at det kom inn 76 færre klager i 2016 enn i 2015. Av dei 424 klagene som kom inn i fjor blei det 65 fellingar.
I toppåret 2015 var langt fleire misfornøgde med medias dekning. 500 klaga til PFU, og 83 av desse klagene førte til fellingar.
LES OGSÅ:
Klager på kjeldekritikk
Dei siste åra er det mangel på samtidig imøtegåing som har gitt flest fellingar. I år derimot skuldast dei fleste fellingane at media ikkje har vore kritiske nok til kjeldene og at dei ikkje har sjekka fakta godt nok.
NRK hadde desidert flest klager i 2016. Men av i alt 70 klager, blei NRK felt berre to gonger i PFU. I 2015 toppa NRK statistikken med 10 fellingar.
– Vi er glade for at vi gjorde langt færre overtramp i fjor enn i 2015 og åra før. Vi jobbar systematisk med presseetikk i kvardagen og det har forhåpentlegvis bidratt til auka medvit og høgare standard, seier etikkredaktør i NRK, Per Arne Kalbakk.
Her er lista over dei ni media som blei felt flest gonger i 2016:
- Aftenposten: 5 fellingar av 31 klager (3 brot og 2 kritikk)
- TV 2: 3 fellingar av 26 klager (3 brot)
- Finansavisen: 3 fellingar av 6 klager (3 brot)
- Tønsbergs Blad: 2 fellingar av 6 klager (begge brot)
- VG: 2 fellingar av 38 klager (begge brot)
- Bergens Tidende: 2 fellingar av 6 klager (1 brot og 1 kritikk)
- Akershus Amtstidende: 2 fellingar av 3 klager (begge brot)
- Hamar Arbeiderblad: 2 fellingar av 5 klager (begge brot)
- NRK: 2 fellingar av 70 klager (1 brot og 1 kritikk)
Aftenposten toppar statistikken
Aftenposten er det mediet som blei felt flest gonger i 2016 med tre brot og to kritikk, som er ei mildare felling enn brot. Avisa blei klaga inn til PFU totalt 31 gonger.
38 klaga inn VG til PFU. Det resulterte i 2 fellingar.
LES OGSÅ: