NRK Meny
Normal

Facebook svarar på kritikken

Det er vanskeleg å finne ut kvar grensa for kva som kan publiserast på Facebook går, skriv Facebook i eit svar til NRK.

Mark Zuckerberg

Facebook jobbar med å betre retningslinene sine, og korleis dei skal handheve dei, seier ein talsperson for nettselskapet.

Foto: STEPHEN LAM / Reuters

Facebook har fått mykje kritikk etter at dei sletta fleire innlegg med pressebildet av ei naken jente som flyktar frå eit napalmåtak under Vietnamkrigen. Blant dei som har publisert og fått sletta bildet er statsminister Erna Solberg.

Aftenposten brukar i dag heile framsida si på eit ope brev til Facebook-grunnleggar Mark Zuckerberg. Og fleire internasjonale medium har formidla kritikken vidare i dag.

– Vanskeleg

Ingen frå Facebook vil stille til intervju for å svare på kritikken, men ein talsperson for Facebook skriv til NRK at dei har reglar for kva som kan publiserast hos dei:

– Vi er klar over at dette er eit ikonisk bilde, men det er vanskeleg for oss å tillate eit bilde av eit nakent barn i eitt tilfelle og ikkje i andre. Vi prøver å finne den rette balansen mellom å la folk få uttrykke seg, samtidig som vi sikrar ei trygg og respektfull oppleving i det globale samfunnet vårt. Vi har ikkje alltid perfekte løysingar, men vi prøver heile tida å betre retningslinene våre og korleis vi handhevar dei.

Erna Solberg fikk et ikonisk Vietnam-fotografi sensurert av Facebook. Til NRK sier hun at hun reagerer på at Facebook gjør dette mot et innlegg som var en kritikk av deres sensurpraksis. Nå svarer statsministeren med å legge ut sladdede versjoner av en rekke historiske bilder.

Kulturstrøm

  • Molderosen går til Arild Andersen

    Kontrabassisten Arild Andersen er tildelt Molderosen 2018. Det er Moldejazz sin høyeste utmerkelse og tildeles en person som har vært med å sette Molde på kartet. Arild Andersen har spilt på mange av Moldejazzfestivalene, og er landets mest kjente jazzbassist. Arild Andersen er 72 år gammel og kommer fra Lillestrøm

    Arild Andersen
    Foto: Ann Eli Nøsen / NRK
  • Flyttar Manson-film

    Quentin Tarantino sin film om sektleiaren Charles Manson skapar debatt allereie før han er ferdig. Opphavleg skulle filmen med namnet «Once Upon A Time in Hollywood» ha premiere på 50-årsdagen for drapet på skodespelarinna Sharon Tate, 9. august 2019. No har premieredatoen blitt flytta, ifølgje The Hollywood Reporter. Leonardo DiCaprio og Brad Pitt har hovudrollene i storfilmen. Filmselskapet hevdar at flyttinga av premieren ikkje har noko med 50-årsmarkeringa å gjere. Manson og hans tilhengjarar stod bak fleire brutale drap i 1969. Charles Manson døydde i 2017.

    FRANCE-ENTERTAINMENT-MOVIE-BODY OF LIES FRANCE-ENTERTAINMENT-MOVIE-BODY OF LIES
    Foto: BORIS HORVAT / AFP