Hopp til innhold

Facebook skal prioritere truverdige nyheiter

For å overvinne sensasjonsjag og feilaktig informasjon, skal Facebook prioritere truverdige nyheitskjelder i straumen, skriv Mark Zuckerberg fredag.

Mark Zuckerberg

Facebook-grunnleggar Mark Zuckerberg seier dei neste veke legg om vektingane i straumen, slik at seriøse nyheitsnettstader blir prioritert framfor mindre seriøse.

Foto: Eric Risberg / AP

I eit innlegg skriv Facebook-sjef Mark Zuckerberg fredag kveld at selskapet frå og med neste veke legg om strategien, og skal prioritere nyheiter av «høg kvalitet» framfor mindre truverdige kjelder.

Selskapet, som har over to milliardar brukarar i månaden, skal bruke spørjeundersøkingar for å finne ut kor truverdige dei ulike nyheitsmedia er.

– Det er for mykje sensasjonsjag, feilaktig informasjon og polarisering i verda i dag. Sosiale medium gjer det mogleg for folk å spreie informasjon raskare enn før. Om vi ikkje klarer å takle desse problema, ender vi opp med å forsterke dei, skriv Zuckerberg.

Ein del av ei større omlegging

I førre veke melde Facebook at dei skal gjere store endringar i nyheitsstraumen til folk. Oppdateringar frå profesjonelle aktørar skulle nedprioriterast, og det skal bli meir personlege oppdateringar som feriebilete og amatørvideoar.

John Hegeman, som er produktsjef i Facebook, sa at dei gjorde denne endringa for å vektlegge sosiale relasjonar.

– Vi meiner menneskeleg interaksjon er viktigare enn å passivt konsumere innhald. Dette vil vere ei av dei viktigaste oppdateringane vi har gjort, sa han.

FACEBOOK-NEWSFEED/

Mange bruker Facebook og andre sosiale medium for å halde seg oppdaterte. Etter omleggingar i neste veke, vil Facebook prioritere personlege oppdateringar og det dei kallar truverdige nyheitskjelder.

Foto: Dado Ruvic / Reuters

I tillegg skal altså seriøse og truverdige nyheitsformidlarar bli vekta framfor det som blir oppfatta som mindre truverdige kjelder.

Skulda for å spreie feilinformasjon

Endringane kjem etter at nettgiganten har blitt skulda for å vere ein viktig kjelde for falske nyheiter. Det blir blant anna hevda at Russland bruker Facebook for å gripe inn i politikken i andre land. I den amerikanske valkampen i 2016, skal dei ha spreidd falsk informasjon som kan ha hatt innverknad på resultatet. Dei skal også ha brukt Facebook til å spionere på den franske presidenten.

Facebook har forsøkt å få bukt med falske nyheiter tidlegare, blant anna ved å bruke faktasjekkar og varsle brukarane om tvilsame innlegg. Men dette var tiltak som blei skrota i fjor, fordi dei ikkje fungerte slik dei var tenkt. Når dei no gjer nye endringar i «feeden» neste veke, er det eit nytt forsøk på betre ryktet til Facebook som formidlar vidare av nyheiter.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)