I mars blei det avslørt at dataanalyseselskapet Cambridge Analytica hadde fått tilgang til personopplysningar til over 80 millionar Facebook-brukarar, utan at brukarane var spurde om det var greitt. Opplysningane blei brukt til å påverke presidentvalkampen i USA i 2016.
Facebook-sjefen Mark Zuckerberg måtte møte til høyring i Kongressen og beklage at dei ikkje hadde gjort ein god nok jobb. Men han dukka ikkje opp då kulturkomiteen i det britiske parlamentet i november.
No går statsadvokaten i Washington D.C. til sak mot Facebook for rolla dei har spelt i saka, melder Washington Post.
– Har ført brukarane bak lyset
Dette er første gong amerikanske styresmakter prøver å straffe Facebook for å ha gjeve analyseselskapet tilgang på opplysningane. Facebook kan bli pålagt bøter og andre straffer. I tillegg held etterforskinga av selskapet fram.
Statsadvokat Karl Racine i Washington D.C. har gått til sak mot Facebook fordi han meiner selskapet ikkje har vore gode nok til å ta vare på personvernet til brukarane sine. Han seier også at han er i samtalar med fleire andre delstatar med tanke på eit massesøksmål mot teknologiselskapet.
Foto: Alex Brandon / AP– Facebook har ikkje klart å ta vare på personvernet til brukarane sine. Dei har også ført brukarane bak lyset om kven som har hatt tilgang til opplysningane, og korleis dei er brukte, seier statsadvokat Karl Racine til Washington Post.
- Les:
- Les:
Han seier at dei også er i samtalar med andre statar, men at det er for tidleg å seie om det kan bli snakk om eit massesøksmål.
Facebook seier dei no går gjennom skuldingane, og at dei ser fram til å drøfte saka med statsadvokaten i Washington D.C., og eventuelt andre statar.
Trøblete personvernår
Etter avsløringane i mars, har personvernsakene stått i kø for Facebook. Denne veka blei det kjent at selskap som Spotify og Netflix hadde fått tilgang til private meldingar. Facebook seier dette er meldingar brukarane sendt på Facebook medan dei er inne i appen til selskapa. Selskapa har ikkje fått fri tilgang på meldingane, skriv Facebook i ei melding.
I førre veke kom det fram at ei rekke appar hadde fått tilgang til bileta til nesten sju million brukarar, også bilete som ikkje var publisert.
- Les:
- Les:
I sommar kom det også fram at Facebook lenge har hatt avtalar om deling av data med store selskap som Apple, Microsoft, Amazon og Samsung. Avtalen har gjort at selskapa får tilgang til personopplysningar om millionar av brukarar og vennane deira. Facebook forsvarte desse avtalane i sommar.
I oktober fekk Facebook ei bot på 500.000 britiske pund for rolla selskapet spelte i Cambridge Analytica-skandalen. Dette er den strengaste straffa det britiske datatilsynet kan gi, skriv BBC. Facebook har anka saka.
- Les: