Hopp til innhold

Facebook nektar for at dei har eit redaktøransvar

Møtte pressenorge til debatt etter «Napalmjenta»-striden.

Mark Zuckerberg

Norsk presse meiner Facebook og Mark Zuckerberg har eit redaktøransvar, men det blir avvist at teknologigianten.

Foto: STEPHEN LAM / Reuters

Facebook møtte presse-Norge til debatt på haustmøtet til Norsk Redaktørforening i dag. Denne hausten har diskusjonen gått i Norge om redaktørrolla til Facebook etter at dei fjerne fleire innlegg som delte fotografiet av «Napalmjenta» frå Vietnamkrigen.

Sjefredaktøren i Aftenposten, Espen Egil Hansen, fekk mykje merksemd då han brukte heile framsida på avisa til eit ope brev stila til Facebook-grunnleggjar Mark Zuckerberg i september.

– Vil ikkje ta debatten

Espen Egil Hansen

Sjefredaktør Espen Egil Hansen i Aftenposten skreiv ope brev til Mark Zuckerberg i september.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

Direktøren for mediepartnarskap i Facebook, Patrick Walker, var i Norge i dag for å møte dei norske redaktørane. Men etter debatten var Aftenposten-redaktøren passe nøgd:

– Det var som venta. Facebook vil forklare kvifor dei treng reglar, men dei vil ikkje ta den større debatten om korleis dei brukar makta si, seier han til NRK.

Hansen meiner Facebook har blitt ein viktig nyheitskanal for mange. Måten den sosiale plattforma er skrudd saman på, i tillegg til reglane for kva som kan publiserast, er med på å filtrere kva nyheiter som slepp igjennom til brukarane. Han meiner difor Facebook har eit redaktøransvar.

Tidlegare journalist

Bilde av Patrick Walker

Direktør Patrick Walker seier Facebook ikkje har redaktøransvar. Han meiner deira oppgåve er å legge til rette for at innhald blir spreidd til mange.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Patrick Walker har sjølv lang fartstid innan media. Han har blant anna jobba som journalist i den japanske kringkastaren NHK og BBC. Han har også arbeidd for både Google og Youtube før han blei henta til Facebook tidlegare i år. Han avviser at dei har eit redaktøransvar.

– Vi er eit produksjonsverktøy, og har skapt ein trygg plass der folk kan dele informasjon, seier han til NRK.

– Redaktørane på Facebook er nyheitsredaktørane som legg ut nyheitssaker og brukarane våre som dagleg vel kven dei følger og kva dei deler. Vårt ansvar er å legge til rette slik at innhaldet når flest mogleg.

Vil ha Zuckerberg på banen

Espen Egil Hansen synest det er vel og bra at Facebook møter norske redaktørar for å diskutere posisjonen til selskapet. Men Hansen skulle gjerne hatt toppleiinga på banen:

– Eg meiner Mark Zuckerberg må ta del i samtalen om korleis Facebook brukar den makta og innverknaden dei har. Det gjer han ikkje. Det er bra at Patrick Walker gjer det, men han er ikkje ein del av toppleiinga i selskapet.

Debatten blei sendt direkte på Facebook. Walker ser ikkje bort frå at nokon i leiinga følgde debatten frå California. Uansett seier han at han vil ta med seg innspela som kom i dag i det vidare arbeidet når retningslinjene skal betrast.

– Vi jobbar heile tida med å betre retningslinjene slik at dei er i tråd med ytringsfridomen, og at vi unngår sensur av historiske bilde. Samtidig skal Facebook vere ein trygg plass å vere, seier han.

  • Sjå møtet mellom Facebook og norske redaktørar:
    På høstmøtet til Norsk redaktørforening imøtegikk Patrick Walker, direktør for mediapartnerskap for Faceboook i Europa, kritikken mot nettgiganten for sensur og mangel på åpenhet.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober