Normal

Facebook kan verte film

David Fincher vil lage film av historia om det sosiale nettsamfunnet.

Facebook
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Regissøren David Fincher forhandlar no med Columbia Pictures om å lage ein film om historia bak internettsamfunnet Facebook.

David Fincher

Regissør David Fincher vil lage film av Facebook.

Foto: KEVIN WINTER / AFP

Ifølgje filmbransjebladet Variety skal filmen basert på nettsamfunnet Facebook få tittelen ”The Social Network”.

Filmen skal følgje Facebook-gründeren Mark Zuckerberg, og utviklinga av det sosiale nettsamfunnet frå 2004, til dagens nettverk med over 200 millioner brukarar.

Fra filmen Zodiac

Fincher har tidlegare mellom anna regissert filmen Zodiac.

Foto: Warner Bros./Sandrew Metronome Norge / Photographer: Merrick Morton, SMPSP

David Fincher har tidlegare regissert filmar som Seven ,
Zodiac og Den fantastiske historia om Benjamin Button

Manuset til Facebook-filmen er skrive av Aaron Sorkin. Målet er å setje i gang med filmen i løpet av året.

Kulturstrøm