Filmen om den sosiale nettstaden Facebook, The Social Network, spelte inn 23 millionar dollar (134,5 millionar kroner) i premierehelga i USA og Canada. Det gjer den til den mest sette filmen denne helga.
The Social Network fortel historia om korleis den populære nettstaden Facebook starta, og har allereie
. David Fincher har regissert filmen, der mellom andre Jesse Eisenberg og popstjerna Justin Timberlake speler sentrale roller.- LES ÒG:
– Det er ein fantastisk start for ein fantastisk film, seier Rory Bruer frå Columbia Pictures, som står bak filmen.
Filmselskapet Columbia håper at The Social Network også kan vere med å konkurrere om Oscar, og ein så solid kino-debut betrar utsiktene til å vinne prisar.
Det var venta at filmen kom til å gjere det godt på kino, men filmselskapet hadde på førehand freista å skru ned forventingane til opningshelga, fordi drama for vaksne ikkje alltid gjer det så bra på premieren.
- LES ÒG:
- LES ÒG:
The Social Network har norsk premiere 22. oktober.