Hopp til innhold

Facebook ber om nakenbilde for å stoppe hemnporno

For å hindre uønskt spreiing av nakenbilde, vil Facebook gjere slike bilde sporbare i eit forsøksprosjekt i Australia. No ber dei brukarane sende inn nakenbilde til prosjektet.

FILES-BRITAIN-US-POLITICS-RUSSIA-PROBE-INTERNET

Facebook har gått saman med styresmaktene i Australia for å få stoppa hemnporno. Dei ber brukarar sende inn bilde og videoar dei vil ha stoppa frå å bli spreidde på nett og sosiale medium. Desse skal Facebook gi eit digitalt merke, som gjer at dei blir blokkerte dersom nokon prøver å dele bilda på Facebook, Instagram eller Messenger.

Foto: JUSTIN TALLIS / AFP

Australske styresmakter og Facebook går saman for å få bukt med spreiinga av nakenbilde og såkalla hemnporno på nettet og sosiale medium, melder den australske kringkastaren ABC.

Facebook ønsker at brukarane skal laste opp bilde og videoar dei fryktar kan bli misbrukte og spreidde i framtida, slik at dei kan merke desse digitalt. På denne måten kan dei kjenne igjen bilda, og blokkere dei dersom dei blir forsøkt spreidde på Facebook, Instagram eller Messenger i framtida.

Allereie i april i år, lanserte Facebook ein funksjon som kjenner igjen bilde, og som skal hindre uønskt spreiing av bilde og videoar, og for å stoppe hemnporno. Selskapet har også blokkert over 14.000 brukarkontoar fordi dei spreidde bilde ulovleg, ifølge ein rapport The Guardian har utarbeidd.

– Eit steg i rett retning

Hans Marius Tessem

Seniorrådgjevar Hans Marius Tessem i Slettmeg.no er glad for at Facebook tek problemet med hemnporno på alvor, og håper fleire kan følge etter for å stoppa uønskt deling av bilde og videoar.

Foto: Jan Tore Verstad

I Noreg er slettmeg.no ein gratis råd- og rettleiingsteneste for dei som kjenner seg krenkte på nettet. Seniorrådgjevar Hans Marius Tessem meiner det er viktig at Facebook tek dei grepa dei gjer no for å prøve å få bukt med spreiing av bilde og videoar.

– Det er veldig bra og viktig at ein så stor aktør som Facebook tek dette problemet på alvor, og tek grep for å få stoppa uønskt deling av bilde. Dette er eit steg i rett retning.

Han viser til at Facebook allereie har teknologien som skal til for å stoppe uønskt deling. I dag brukar dei han til å stoppe opphavsrettsleg materiale. Den same teknologien kan dei bruke til å stoppe private bilde og videoar. No håper Tessem at fleire sosiale medium kan følge etter.

– Dersom fleire sosiale medium, som Snapchat, kan følge etter Facebook, ville det ha vore eit stort gjennombrot for å få slutt på uønskt deling av bilde og videoar, seier han.

Førebels er samarbeidet med australske styresmakter eit prøveprosjekt, men Facebook ser allereie etter fleire samarbeidspartnarar i andre land, skriv The Guardian.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.