Hopp til innhold

Få med deg dette under Oslo World

Ein balkanbrasskonge, ei portugisisk fadostjerne og ei malisk blueslegende er mellom attraksjonane under Oslo World Music Festival denne veka.

Oslo World Music Festival 2012

Nokre av trekkplastera frå Oslo World Music Festival 2012: Ana Moura oppe til venstre, dei andre er med klokka Boubacar Traoré, Fatoumata Diawara og Goran Bregović.

Foto: © Oslo World Music Festival

Oslo World Music Festival opnar med seminar måndag 29. oktober, og frå tysdag til søndag denne veka er hovudstaden arena for ei verdsomspennande konsertveke.

Så kva skal du prioritere om du er i Oslo og fritt kan plukke mellom godbitane? Nokre av dei mest multinasjonale lyttarane i NRKs korridorar har valt ut konsertane dei gler seg mest til.

Les også: Verden er et annet sted

– Starta heile oppsvinget til balkanmusikken

Jungeltelegrafens programleiar Arne Berg byrjar på Balkan når han skal oppsummere høgdepunkta:

– Balkanbrasskongen Goran Bregović er eit veldig stort namn som aldri har spelt på festivalen før, seier Arne Berg til NRK.no.

62-åringen Bregović er frå Sarajevo, og spelar på Sentrum Scene torsdag med sitt «Wedding & Funeral Band». Han var rockestjerne i Jugoslavia på 1970-talet, men har seinare først og fremst glimra som filmkomponist:

– Han laga musikken til Emir Kustoricas film «Underground», som starta heile oppsvinget til balkanmusikken dei siste 15–20 åra. Eg har sett han live før, og han er veldig god på konsert.

– Ho har ei fantastisk stemme

Den neste på Arne Bergs «må høyre»-liste er den portugisiske 33-åringen Ana Moura, som syng på Rockefeller søndag 4. november:

– Ana Moura er ei av dei unge, nye stjernene i fadoen, seier Berg.

– Ho er veldig etablert i Portugal, men ganske ukjent i Noreg. Ho har ei fantastisk stemme, og det kan bli ein fabelaktig konsert vel verdt å få med seg.

Berg ser naturleg nok også fram til «Jungelscenen» på Blå onsdag, med tre nye og ganske ukjende representantar for den globale musikkscenen i Noreg. Og han gler seg til konsertane med sine «store heltar frå Mali», Boubacar Traoré og Fatoumata Diawara:

– Dei representerer på ulike måtar det sørlege Mali, den stillferdige, ettertenksame og melankolske musikken. Traoré var stjerne i Mali på 1960- og 1970-talet, og alle dei seinare stjernene frå Mali står i stor gjeld til han. Det er ei enorm glede å skulle sjå han på konsert.

Boubacar Traoré

Boubacar Traoré.

Foto: © Oslo World Music Festival

– Her ligg røtene til bluesmusikken

Også Bergs kollega Sigbjørn Nedland i Jungeltelgrafen er full av lovord om Boubacar Traoré, som skal spele på The Crossroad Club torsdag og fredag:

– Han er ein godt voksen musikar og ein fantastisk representant for musikken frå Mali, seier Nedland til NRK.no.

– Dei fleste vil høyre frå første tone han spelar at her ligg vel røtene til bluesmusikken. Det var nok frå desse områda den opphavlege inspirasjonen til bluesmusikken kom. Boubacar Traoré er ein av tradisjonsmusikarane på gitar frå området som vidarefører den gamle tradisjonen best mogleg i ei moderne setting.

Nedland gler seg også til festivalens opningskonsert med det algeriske bandprosjektet El Gusto, som har vore omtala som eit «arabisk Buena Vista Social Club»:

– Desse nordafrikanske musikarane spelte saman for veldig mange år sidan. Dei var muslimar og jødar i same gruppe, men dei vart skilde frå kvarandre og spelte ikkje i lag på lang tid. Eg trur konserten vert ei heilt spesiell oppleving, med typisk nordafrikansk musikk med sterke rytmiske element og arabisk påverknad.

Fatoumata Diawara

Fatoumata Diawara.

Foto: © Youri Lenquette

– Strålande melodiar og hektande gitarspel

Marius Asp, musikkmeldar i NRKP3, utropar også ein malisk artist som hovudattraksjon under festivalen:

– Fatoumata Diawaras debutplate Fatou frå 2011 har fått stor merksemd også utanfor den snevre sfæren av entusiastar, seier Asp.

– Det kjem ikkje berre av at gigantar som Tony Allen, Toumani Diabaté og Led Zeppelin-bassist John Paul Jones bidreg. Det er rett og slett eit uvanleg vellukka album i skjeringspunktet mellom pop, sitrande funk og hypnotisk ørkenblues, med strålande melodiar og Diawaras hektande gitarspel i sentrum.

Fatoumata Diawara spelar på Parkteatret onsdag 31. oktober.

Ethiocolour

Bandet Ethiocolour er mellom musikarane under konserten Ethioaction på laurdag.

Foto: © Oslo World Music Festival

– 22 musikarar skal boltre seg i seks timar

Den norske trommeslagaren Paal Nilssen-Love har jobba mykje i Etiopia, og Marius Asp ser fram til maratonkonserten Ethioaction på Blå 2. november, som Nilssen-Love er arkitekten bak:

– Med 22 musikarar som skal boltre seg over seks timar, kan EthioActions konsert på Blå kjapt bli ei eksplosiv affære, seier Marius Asp.

– Bandleiar Paal Nilssen-Love tar med seg ei rekkje etiopiske musikarar, det nederlandske punkbandet The Ex og sin mangeårige samarbeidspartnar Mats Gustafsson frå The Thing. Uttrykket vil strekkje seg frå harpespel til riv ruskande frijazz. Sjå også opp for den Addis-baserte nordmannen Vemund Hareide, DJ Mitmitta, som presenterer etiopiske perler frå kassett og vinyl mellom dei ulike livekonstellasjonane denne kvelden.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK