Hopp til innhold

Bakenga håpar på tiltak mot rasisme i idretten

Norges idrettsforbund har innrømt at dei ikkje har gjort nok for å overvinne rasisme i idretten. I dag møter dei statsråden for å diskutere tiltak.

Mushaga Bakenga i kamp mot Aalesund

BORT MED RASISME: Mushaga Bakenga frå da han spela i Rosenborg. Han står for tida utan klubb, og ventar på det rette tilbodet. Han har opplevd rasisme på fotballbana fleire gongar.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Dei siste vekene har fleire tatt til gatene og sosiale medium for å setje ljos på rasisme i samfunnet.

Debatten har også nådd idretten og fleire kjente idrettsutøvarar har kritisert Noregs idrettsforbund for å ikkje gjere nok.

Ein av dei som har opplevd rasisme i idretten er fotballspelar Mushaga Bakenga.

Allereie som 16-åring, då han spelte ungdomslandskamp i Polen, ropte folk apekatt og kasta banan på han.

Mushaga Bakenga 2018

AMBASSADØRAR: Han meiner utøvarar bør få kunnskap og innsikt om at rasisme skjer, slik at dei kan få forståing og vidare vere gode ambassadørar overfor omverda.

Foto: Rune Stoltz Bertinu

Det har skjedd fleire gongar sidan, men det er spesielt ei episode som har brent seg fast. Det var då han og Rosenborg spelte Champions League-kamp i Kypros.

– Det mest sjokkerande var å sjå korleis barna herma etter fedrane sine. Å vere fem meter unna eit barn som ropar «monkey» og kastar banan på deg, det var uverkeleg, seier han.

– Det er sårt

Ezinne Okparaebo fortel at hennar fyrste møte med rasisme var i idretten. For ei veke sidan skreiv ho eit innlegg på Facebook der ho beskriv fleire av sine opplevingar.

«Som da eg fekk høyre at mine rekordar ikkje eigentleg er norske rekordar. Eller alle de kommentarar og meldingar eg har fått som handlar om min hudfarge», skreiv ho.

Nå er ho glad for at ein kan snakke om problematikken, og finne løysingar.

– Det er fyrste gong eg opplever at vi kan snakke ope om det, og at det finst rom og at folk lyttar. Det gjer godt, seier ho.

– Det er ikkje lett for nokon av oss som skal vere med og snakke om denne tematikken. Det er sårt, legger ho til.

Ezinne vann 100 metern på Bislett Games 2012

HÅP: Det fyrste møtet Ezinne Okparaebo hadde med rasisme var i idretten. Her frå då ho vann 100-meteren i Bislett Games i 2012.

Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix

Trur på større endringar

Dei siste vekene har det vore demonstrasjonar mot politivalden i USA og rasisme fleire stader i verda. Det skjer etter at George Floyd døde etter pågripinga av politiet i Minneapolis.

Det som skjer no trur Bakenga vil føre til større endringar.

– Det har skjedd ei bevisstgjering i samfunnet, og folk tenker no over kva dei har sagt eller gjort.

Ifølgje han har det vorte gjort lite for å overvinne rasisme i idretten til nå. Han har heller eit inntrykk av at rasistiske haldningar har auka med sosiale medium, noko som har ført til at det også har auka på tribunane.

Nå håpar han at det kjem faktiske tiltak som fungerer.

– Det er bra at dei innrømmer at det ikkje har vore fokus på rasisme. Det er trass alt fyrste steg.

Ezinne Okparaebo

FINNE LØYSING: Ezinne Okparaebo håpar på at ein kan finne løysingar på korleis ein kan få bukt med rasisme i idretten.

Foto: Vidar Ruud

Stiller for generasjonane etter ho

Okparaebo seier at ho stiller opp på møtet med statsråd Raja for at generasjonane etter ho får ein lettare veg i idretten enn ho.

– Det er veldig viktig at jenter og gutar som kjem etter meg kan få moglegheit til å kjenne på tilhøyrsle.

Møtet byrja klokka 14 i dag. Også brytaren Grace Bullen, foredragshaldaren Marco Elsafadi, og Siri Avlesen-Østli frå TV 2 er blant dei som er til stades for å snakke om rasisme i idretten.

I tillegg er Noregs idrettsforbund, fleire særforbund, og Antirasistisk Senter på plass.

Okparaebo var tydeleg emosjonell då ho tala om opplevingane sine. Ho fortalde blant anna om dei gongane ho hadde fått rasistiske meldingar etter at ho hadde vunne løp og meisterskap.

– Det er veldig vondt. Du føler deg veldig aleine om det. Og når ein føler seg aleine er det vanskeleg å ta dei kampane. Vi må ha ein stad å melde ifrå, sa ho tydeleg prega av kjensler.

Ho får støtte av Siri Avlesen-Østli:

– Det at nokon ser deg og ikkje tolerer rasisme er avgjerande for at barn som veks opp i dag kan bli trygge.

#BareStopp

Kultur- og likestillingsministeren var den som opna talarstolen, og nytta høvet med å fremje mangfald i idretten.

– Vi kan vere forskjellige, og likevel ha respekt for kvarandre uavhengig av tradisjonar, hudfarge, legningar med meir. Vi har plass til alle i Noreg.

Han er glad for at idretten har erkjent at dei ikkje har vore gode nok til å prioritere kampen mot rasisme, og han ser på dagen i dag som startskotet for å gjere endringar.

BareStopp

#BareStopp: – La oss gløyme det som har skjedd. La dette vere startskotet for å sjå framover, og jobbe for endringar, sa Abid Raja på talarstolen i dag.

Foto: Ole Berg-Rusten

– Rasisme er ein uting i samfunnet. Det er ein uting for dei som blir utsett for rasisme. Det er uakseptabelt.

Han presenterte slagordet #BareStopp som handlar om akseptere og setje ein strek over det som har skjedd til nå, så lenge ein nå er villig til å sjå framover og skape endringar.

– La dette vere startskotet for å sjå framover, og for å jobbe for å nå vårt felles mål, nemleg at idretten skal vere rasismefri.

Har bestilt rapport

President i Norges idrettsforbund, Berit Kjøll, slo fast på møtet at norsk idrett alltid skal reagere på rasisme.

– Vi har ikkje noko unnskyldning for at vi ikkje har vore gode nok, hatt kunnskap nok, eller erkjent i sterkare grad at rasisme er noko vi må ta tak i.

Abid Raja opplyste på møtet at han har bestilt ein rapport frå idrettsgruppa som skal ta for seg tilstanden i idretten. I tillegg skal han setje ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe for å overvinne rasisme i idretten.

Marco Elsafadi

I ARBEIDSGRUPPA: Tidlegare basketball-spelar og nå føredragshaldar Marco Elsafadi er blant dei som skal sitje i arbeidsgruppa utnemnd av Abid Raja.

Foto: Ola Hana

Arbeidsgruppa skal bestå av dei seks som var på møtet i dag; Ezinne Okparaebo, Grace Bullen, Yngvar Andersen, Marco Elsafadi, Siri Avlesen-Østlie og Daniel Hatland.

I tillegg skal Magne Brekke, generalsekretær i Oslo Idrettskrets, Prisca Bruno Massao frå Høgskolen i Innlandet og Håvard Øvregård og Marcela Bustos frå NIF.

Dei skal kome med konkrete forslag om kva ein kan gjere for å kome i mål med mandatet. Når dei har kome attende med desse innspela, skal idretten vurdere kva som er mogleg å gjennomførast.

– Dette er tiltak vi skal ramme inn, henge på veggen og gjennomføre kvar einaste dag, seier Raja.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober