Hopp til innhold

Eventbransjen: – Kjenner oss urettferdig behandla

Medan TV-stasjonar får ha fleire i studio, får eventbransjen berre ha ein person i studio når dei har direktesendingar. Reaksjonane er sterke.

Slik kan det ut i studio når event-bransjen har direktesending under koronapandemien.

EVENTBRANSJEN: No produserer dei alt frå digitale konferansar til foredrag og debattar.

Foto: Mathias K. Willumsen / Epicenter Oslo

– Det som faktisk skjer, at ein forskjellsbehandlar to bransjar som produserer eksakt det same, med eksakt same utstyr og med dei same folka.

– Vi stod i kneståande og så blir vi sparka ned att, seier Christian Stenseng

Han er leiar i den norske greina av George P. Johnson Experience Marketing. Før produserte dei fysiske arrangement med publikum, men dei siste sju månadane har 90 prosent skjedd digitalt, frå tomme salar.

Portrett av Christian Stenseng- Country Lead Norway

EVENTBRANSJEN FORTVILA: – Eit produksjonsselskap, kan ein halde på som vanleg. Dei produserer framleis Skal vi danse, God morgon Noreg og Debatten. Slik er det ikkje for oss, seier Christian Stenseng.

Foto: Linda Marie Vedeleg / NRK

For om lag to veker sidan kom Oslo kommune igjen med strenge koronatiltak. Slik eventbransjen forstår det, kan dei ikkje gjennomføre heildigitale arrangement med meir enn ein person på scena og to teknikarar i studio.

– Kvifor kan ikkje vi som eventbransje, som har omstilt oss få gjennomføre trygge, digitale produksjonar med to meters avstand og smittevern lagt til grunn?

– Det er full krise.

I den nasjonale covid-19 forskrifta er det eventbransjen driv på med definert som eit arrangement. Det er ikkje TV-selskapa sin programproduksjon.

Han trur at reglane blei skrive i alle hast utan at myndigheitene heilt forstod kva bransjen driv på med og at dei ikkje ønskjer å innrømme at dei tok feil.

– Om restriksjonane held fram til over nyttår, vil mange bli permitterte og miste jobbane sine, seier Stenseng.

Janette Haukland er dagleg leiar i Sponsor- og eventforeininga merkar at det er høg frustrasjon blant medlemmane deira, no når dei må ta omsyn til strenge tiltak.

– Dette rammar utruleg mange arbeidsplassar. Det er full krise. Dei sit no å tel dagane før dette løyser seg.

Ho kan informere om at meir enn 90 digitale produksjonar er stoppa på grunn av reglane.

Portrett av Janette Haukland, Dagleg leiar Sponsor- og eventforeininga

HARDT RAMMA: – Eventbransjen har ikkje fått noko støtte gjennom kompensasjonsordningane til regjeringa. No gjer tiltaka det vanskeleg for dei å gjere jobben sin, seier Janette Haukland.

Foto: Linda Marie Vedeler / NRK

Ho synest det er urettferdig at det skal vere så stor forskjellsbehandling på grunn av ei forskrift som blei skrive på starten av pandemien. For i praksis er det ikkje mogeleg å produsere med so få i studio.

– Det har vore ei omstilling der ein driver med ein annan type arbeid no, enn då pandemien inntrefte. Men slik reglane er no har vi i praksis ikkje lov til å produsere. So det er spikaren i kista for vår del.

– Dette er arrangement

Pressekontakt i Oslo byråd, Hanne Gjørtz seier at vi må treffe kvarandre minst mogeleg for å få ned smittetala og at det er difor alle arrangement er forbodne i Oslo no.

– Det eventbransjen driver med er arrangement, påpeiker ho, før ho held fram:

– På digitale arrangement er det er opent for å ha ein programleiar eller intervjuar i tillegg til teknisk personell. Kor mange teknikarar som kan vere til stades må arrangør vurdere. Men færrast mogeleg.

Ho seier at TV-selskapa sin programproduksjon ikkje kjem under den nasjonale covid-19 sin definisjon av arrangement. Difor har dei litt andre spelereglar.

Sponsor- og eventforeininga seier at dei oppfattar kommunens forskrifter som at det berre kan vere totalt tre personar til stades under ein heildigital produksjon.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober