Hopp til innhold

Eurovision blir arrangert i Storbritannia neste år

Neste års finale i Eurovision Song Contest blir arrangert i Storbritannia. Ukraina vann årets finale, men på grunn av krigen i landet, har EBU avgjort at finalen må flyttast.

Kalush Orchestra fra Ukraina i andre sceneprøve under Eurovision Song Contest 2022.

Ukrainske Kalush Orchestra gjekk til topps i Eurovision Song Contest i 2022.

Foto: EBU / CORINNE CUMMING

Normalt er det årets vinnar som skal arrangere neste års konkurranse. Men då Kalush Orchestra gjekk til topps i finalen i Torino i mai, var det mange som spurde seg korleis det skulle vere mogeleg å gjennomføre konkurransen i Ukraina neste år.

I midten av juni meldte Den europeiske kringkastingsunionen, EBU, at finalen kunne bli flytta.

Dei sa at krigen i Ukraina gjorde det vanskeleg å gjennomføre arrangementet der i 2023, og at det kunne bli flytta til Storbritannia, som blei nummer to i årets konkurransen.

Ukrainske styresmakter reagerte på avgjerda, og sa at dei ville gjere det dei kunne for å oppfylle forpliktingane slik at dei kunne gjennomføre arrangementet neste år.

Skal ha ukrainsk preg

No stadfestar EBU at arrangementet blir flytta til Storbritannia, som skal stå som arrangør på vegner av Ukraina, som er automatisk kvalifisert til finalen.

EBI har starta forhandlingane med BBC om gjennomføringa av neste års finale. Den ukrainske kringkastaren UA: PBC skal også delta i planlegginga for å få ukrainske element inn i showet.

Neste års logo skal også ha element som viser til den spesielle situasjonen, skriv EBU.

Les også: Vil lytte til Zelenskyj-ønske om Eurovision i Mariupol

Det er førebels ikkje klart kva by som skal vere vertskap for konkurransen, men fleire byar har signalisert at dei er interesserte.

EBU krev ein arena med ein publikumskapasitet på rund 10.000. Byen må også ligge tett på ein internasjonal flyplass og ha nok hotellsenger til å kunne ta i mot minst 2000 delegatar, journalistar og publikumarar.

BBC skriv at Glasgow og Manchester har sagt at dei gjerne blir vertsbyar. Men også Leeds, Liverpool, London og Belfast skal vere blant byane som kan vere aktuelle.

Interesserte byar må vise at dei kan oppfylle krava til EBU, og gå gjennom ein anbodsprosess før det endelege valet blir gjort.

Les også: Henrik Asheim: – Eurovision hjelper på stemninga i Europa

Lenge sidan sist

Sist konkurransen blei arrangert i Storbritannia var i 1998, etter sigeren til Katrina and the Waves året før. Då var Birmingham vertsby

Storbritannia har delteke i konkurransen kvart år sidan 1957, og er ein av dei som bidreg mest økonomisk til Eurovision. Dei er difor direkte kvalifisert til finalen.

Britane har til tider gjort det svært godt, og har så langt vunne fem gongar.

Sam Ryder performing SPACE MAN, representing United Kingdom in the second rehearsal — EBU / CORINNE CUMMING

Sam Ryder under Eurovision-finalen i mai.

Foto: EBU / CORINNE CUMMING

Men dei siste åra har dei hatt labre resultat med fem sisteplassar. Seinast i fjor blei dei sist med 0 poeng. Difor blei Sam Ryders andreplass ein real opptur. Det var den 16. andreplassen til landet, og Storbritannia er med det landet som har flest andreplassar i konkurransen.

Neste år blir Eurovision-finalen arrangert på britisk jord for niande gong, trass i at dei har vunne berre fem gongar. Også i 1960, 1963, 1972 og 1974 tok britane over arrangementet fordi vinnarlandet ikkje kunne vere vertskap.

I 1969 var Storbritannia ein av fire vinnarar. Då var det Nederland som var vertskap året etter.

Kulturstrøm

  • Tupac-mistenkt siktet for drap

    Politiet i Las Vegas har arrestert en mann mistenkt i drapssaken etter at Tupac ble skutt og drept i 1996, melder nyhetsbyrået Associated Press. Han er siktet for drapet.

    Mannen har selv innrømmet i intervjuer og i en egen selvbiografi fra 2019 at han var i bilen da skuddvekslingen skjedde, skriver NTB.

    Tupac var bare 25 år da han døde.

    Tupac Shakur var også kjent som 2Pac og etter hvert Makaveli – og solgte over 80 millioner album på den tida da folk kjøpte fysiske plater.

    Han var involvert i flere skyteepisoder og var en del av konflikten mellom rapperne på øst- og vestkysten av USA.

    Tupac
    Foto: AP / NTB