NRK Meny
Normal

Antrekka som har brent seg fast

«Romeo»-dressen til Ketil Stokkan gjekk opp i røyk. Bobbysocks-designar dånar framleis av paljettar. Dima Bilan angrar på jakkevalet i 2009. Dette er historia om Eurovision-moten.

Vingar, grelle fargar, overdådig hovudpynt, fjær, utbrettbare detaljar og høgt hår er ofte involvert i songkonkurransen.

EUROVISION/

Dima Bilan, vinnaren frå 2008, fekk ikkje av seg jakka då han opptrådde i finalen i 2009.

Foto: SERGEI KARPUKHIN / REUTERS

– Det har blitt meir og meir fokus på antrekka i Eurovision. Viss songen er dårleg ser folk på kostymene i staden for og kan stemme på låten på grunn av det, seier Inge Solmo, Eurovision-entusiast og -forfattar.

  • Kva antrekk hugsar du best? Diskuter nederst i saka!

Ekspertar er einige om at antrekket bør tilpassast låten ein syng og artisten.

– Moten i Eurovision er ekstremversjonen av motebildet elles. For eksempel var antrekka på 70-talet klart i tråd med motebiletet på den tida, men i meir flamboyante utgåver. Det er sceneantrekk og det ligg i konkurransen at det skal vere glitter og stas. Men antrekk og låt må passe saman, seier moteredaktør i KK, Ellen Anna Gaup.

Solmo meiner vinnaren frå i fjor, tyske Lena, meistra dette.

Det var eit nedstrippa, men sexy, antrekk som kledde låten og Lena sin måte å føre seg på. Eit kostyme kan ta for mykje fokus og det kan bli for spektakulært. Somme artistar brukar meir energi på koreografi og kostyme enn låten.

Inge Solmo, Eurovision-entusiast og -forfattar

(Artikkelen held fram under biletet)

NORWAY-MUSIC-EUROVISION-GERMANY-LENA

Lena valte ein svært enkel svart kjole i 2010-finalen og vann.

Foto: DANIEL SANNUM LAUTEN / Afp

Dima Bilan tabba seg ut

Energi måtte Dima Bilan bruke for å få av seg jakka i 2009. Kostymet hans stal rett og slett showet då den russiske vinnaren frå 2008 skulle gjere smart entre i starten av showet.

Dressjakka som Bilan nonchalant skulle kaste over skuldra, hang fast i ein vaier og han måtte streve i fleire sekund før ein av dansarane fekk den laus. Inntrykket vart alt anna enn nonchalant, og filmklippet har fått kultstatus som «Epic jacket fail» på Youtube.

GERMANY-ENTERTAINMENT-MUSIC-EUROVISION

Jedward frå Irland satsar på spreke kostymer i raudt og høgt hår.

Foto: PATRIK STOLLARZ / Afp

Baccara hekta seg fast

Då vi spør Solmo om fleire klestabbar i Eurovision-historia svarar han etter ei tenkjepause på cirka tre sekund: Baccara i 1978.

Midt i ein heseblesande dans, med mykje snurring og kjolar verdt 60.000 kroner kvar, hekta dei to stjernene frå Luxembourg seg fast i kvarandre. Floka løyste seg raskare enn for Bilan, men Eurovision-entusiastar hugsar slikt godt og lenge.

Lill Lindfors i trusa

I 1985, året då Bobbysocks vann Eurovision og lenge før Janet Jacksons puppestunt i Superbowl, gjorde programleiar Lill Lindfors eit kjolestunt som sjokkerte publikum.

Ho «mista» kjolen, slik at ho vart ståande i truse og topp på scena. Men det viste seg at det heile var godt planlagt. Lindfors løsna på toppen, og den bretta seg ut som ein kort kjole.

Sjå korleis Lindfors sjokkerte:

Video Lill Lindfors

Paljettane kjem til Noreg

Men så er det dei antrekka vi hugsar rett og slett fordi dei var så moteriktige. I 1985 vann Bobbysocks ikkje berre den internasjonale finalen, men også motekredibilitet. Designar Tine Solheim stod bak kreasjonane.

– Å, eg får nesten anfall når eg tenkjer tilbake på 80-talsmoten! seier ho når vi ringer.

Tanken var klar: 50-talsstil med swingskjørt og paljettjakker skulle få det europeiske publikummet til å dåne.

Bobbysocks var den første profesjonelle popduoen som var bevisst på bruken av klede som uttrykksmiddel. Vi var inspirert av 50-talet og Krystle i «Dynastiet», med skulderputer som rakk herfrå til æva.

Tine Solheim, designar
Bobbysocks

Elisabeth Andreassen og Hanne Krogh vann i 1985 med 'La det swinge', kledd i rosa paljettjakker som har gått inn i historia.

Foto: Erik Thorberg, Thorberg, Erik, Nyhetsspiller

Paljettstoffet fekk ho frå Paris.

Jahn Teigen i Melodi Grand Prix-finalen, 1989

Tine Solheim har også stått bak mange av antrekka til Jahn Teigen, mellom anna denne gullbrokadejakka.

Foto: SCANPIX / SCANPIX

– Det var før paljettane hadde gjort inntog i Noreg. Vi sydde antrekka i mitt atelier som låg rett ved ein skule. Ungane stod klistra til glaset når Elisabeth og Hanne prøvde antrekka, fortel Solheim.

Av paljettstoffet ho hadde att klipte ho ut små frimerker og delte ut til ungane.

– For nokre år sidan traff eg ei dame som viste meg ein liten firkant paljettstoff. Ho hadde tatt vare på det heilt sidan då, seier Solheim.

På TV såg det ikkje bra ut med einsfarga kvitt eller svart. Så Solheim og Bobbysocks endte på svarte og kvite striper og sjølvsagt dei karakteristiske «bobbysokkane».

Både Inge Solmo og KKs moteredaktør meiner dette er eit av dei beste Eurovision-antrekka.

Spesielt paljettjakka til Elisabeth Andreassen har eit slikt snitt at den også ville vore perfekt å bruke i dag.

Ellen Anna Gaup, moteredaktør i KK

Solheim har også stått for fleire Eurovision-kostymer, mellom anna for Jahn Teigen og Anita Skorgan.
– Klesdrakta skal understreke songnummeret og det er noko eg har lært meg med åra. Stilen skal stemme med artisten og låten. Det er ikkje alle artistane som har nok fokus på det i dag, meiner ho.

Ketil Stokkan i lakserosa dress

Eitt år etter at paljettane swingte Europa sjarmerte Ketil Stokkan Eurovision-publikummet med «Romeo» i lakserosa dress.

– Det krev sin mann å kome unna med pastellar, men Kjetil Stokkan klarte oppgåva med glans. Han traff også tidsånda med dressen, det var i synk med det som var motebiletet på den tida, seier Ellen Anna Gaup.

Sjå «Romeo»:

Også Solmo framhevar dressen som eit av dei beste antrekka.

– Den fantastiske dressen, kombinert med Great Garlic Girls med høgt hår og pudra ansikt i bakgrunnen, gjorde det til ein opptreden ein ikkje gløymer, seier han.

Det var ikkje berre Stokkan sin forteneste, kan hovudpersonen sjølv fortelle oss.

– Det var min personlege sekretær som valte ut antrekket og eg hadde avtale med eit firma som leverte klede til meg. Han sa: No skal du vere så frekk at du er synleg, seier Ketil Stokkan.

«The gay community» elska meg. Eg fekk utelukkande positive tilbakemeldingar om at eg hadde det beste antrekket både i den norske og internasjonale finalen.

Ketil Stokkan, artist

Men klenodiet er vekke. Dressen gjekk med i brann for nokre år sidan.

– Eg gav den først til Terje Schröder (i Great Garlic Girls, journ.merkn.), som brukte den i ein parodi av meg og så gjekk dressen med i ein brann. Schröder fekk faktisk også ein av dei andre dressane eg brukte i Grand Prix, som han også klarte å øydeleggje, seier Stokkan.

Abba med napoleonshattar

Både Inge Solmo og Ellen Anna Gaup framhevar Abba med «Waterloo» i 1973, med napoleonshattar og platåsko.

– 70-talsstilen har hatt eit kjempecomeback denne sesongen, så både bukser med høgt liv, sleng og platåsko går rett heim – men som sagt i litt meir nedtona form til kvardagsbruk, seier Gaup.

(Artikkelen held fram under biletet)

Abba

Slik såg Abba ut i finalen i 1973.

Foto: SCANPIX

Gina G med kort paljettkjole

– Gina G fekk full klaff med sin minikorte paljettkjole i 1996. Det var nesten meir snakk om kjolen enn låten, og kjolen passa perfekt til ein slik partylåt, fortel Ellen Anna Gaup.

Den britiske Eurovision-vinnaren opptrådde med «Ooh Aah... Just a little bit».

Gina G under Eurovision i 1996
Foto: Eeg, Jon, Jon Eeg / Scanpix

Andre som har utmerka seg:

Kviterussland 2010

Den mest spektakulære kjolen i Eurovision 2010 kom frå Kviterussland.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX
  • Jahn Teigen med skjelettdrakt i 1976
  • Kviterusslands artist i 2010 med sommarfuglkjole
  • Den russiske artisten i 1994, der kjolen bretta seg ut med vingar
  • Nederlandske Sandra i 2000

Kven vil utmerke seg i år? Inge Solmo klarte ikkje sjå forbi dei dårlege låtane då vi snakka med han etter den første semifinala.

– Eg vart så forstyrra av alle dei dårlege låtane som gjekk vidare at eg ikkje la merke til antrekka, sukka han.

Eurovision blir tross alt kalla ein musikkonkurranse.