Vilde Batzer (f.v.), Morten Skogly og Ragnhild L. Sandvik i NRK arbeider alle med Urørt. No sel dei inn ideen til andre kringkastarar. (Alle foto: Anne Liv Ekroll)
Målet med seminaret var å uveksle idear og erfaringar frå lågterskel musikktilbod som NRKs Urørt, som gir artistar utan platekontrakt høve til å nå ut til publikum.
Alle plattformar
Frå starten i 1999 har tilbodet vakse og NRK distribuerer i dag musikk på alle plattformar, på nettet, på NRK Petre og på NRK1 i programmet Lydverket.
Dette tilbodet er det representantar frå åtte EBU-tilknytta kringkastarar er komne for å lære av. Dei kjem mellom anna frå DR, SVT, YLE og BBC.
Arrangørane, ved prosjektleiar Jon Toset i NRK, håper at seminaret vil gi resultat i form av samarbeid. Målet med seminaret er å få i stand eit samarbeid gjennom European Broadcasting Union (EBU), der platekontraktlaus musikk frå fleire europeiske land kan gjerast tilgjengelege for lyttarar på nett og radio i fleire land.
Versjon tre
NRK.no er i ferd med å sluttføre den tredje nettversjonen Urørt. Den vil bli lagt ut om eit par månader.