NRK Meny
Normal

EU vil lagre kva vi søkjer på

I Europaparlamentet er det no fleirtal for å overvåke kva folk søkjer på i Google. Dette vil verte ein del av Datalagringsdirekttivet.

Google

Kva vi søkjer på, til dømes i søkje motoren Google, kan kome til å verte lagra som ein del av Datalagringsdirektivet.

Foto: STRINGER SHANGHAI / REUTERS

Fleirtalet i parlamentet gjer at saka no går vidare til EU-kommisjonen, som no skal vurdere saka og eventeutl gjere eit vedtak, skriv Nettavisen .

Dersom dette går gjennom vil alle søk vi gjer på nettet, både i Google og andre søkjemotorar, verte lagra. Målet med å lagre søkjedata skal vere å kjempe mot barnepornografi.

Korleis ein har tenkt å gjere dette i praksis er enno uvisst. Kritiarane meiner at forslaget er uklart, mellom anna fordi det seier lite om kven som vil verte overvåka.

Frå før inneber Datalagringsdirektivet at informasjon om kven ein sender e-post til, og kven ein snakkar i telefon med vil vert lagra i opptil to år. Men dersom forslaget om nettsøk også vert innlemma i direktivet, vil det føre til at også innhaldet i det ein gjer vil verte lagra, skriv Nettavisen.

Gisle Hannemyr

Gisle Hannemyr

Foto: Gisle Hannemyr

– Eg synest det er nesten utruleg at eit slikt forslag kan få fleirtal i Parlamentet. Ein seier veldig klart i det opprinnelege Datalagringsdirektivet at innhaldsdata ikkje skal lagrast. Ein skal ikkje overvåke kva folk les. Men i den augneblinken ein lagrar kva folk søkjer på, så går ein veldig langt, seier universitetslektor Gisle Hannemyr til Nettavisen .

I Noreg har det vore stor motstand mot Datalagringsdirektivet. Det er framleis ikkje vedteke om, og i tilfelle når, Datalagringsdirektivet skal innførast i Noreg.