Hopp til innhold

EU vil avgrense talet på britiske filmar og TV-seriar

Britisk film og TV trugar det kulturelle mangfaldet i Europa, meiner EU. No vil dei avgrense kor mykje britisk film og TV som skal vere tilgjengeleg på strøymetenester.

The Crown på Netflix

«The Crown» er ein av dei mest populære seriane på Netflix. Men etter brexit vil ikkje EU at serien skal bli reknast med når strøymetenesta skal telje opp kor mange europeiske produksjonar dei har i biblioteket.

Foto: Sophie Mutevelian / Netflix

Storbritannia er ein av dei største produsentane av film og TV-seriar i Europa. Kvart år blir det eksportert britisk innhald for fleire milliardar kroner.

Seriar som «Downton Abbey», «The Crown» og «Line of Duty» har trufaste fans over heile verda.

Men dominansen kan vere øydeleggande for det kulturelle mangfaldet i Europa, ifølge eit internt EU-notat som The Guardian har fått tak i.

Her blir det drøfta om britiske produksjonar skal kunne bli definert som europeiske når Storbritannia no forlèt EU.

Britisk dominans

I 2018 blei EU-parlamentet einige om eit nytt direktiv, AMT-direktivet, som pålegg globale strøymetenester som Netflix, HBO og Amazon minst 30 prosent europeisk innhald i biblioteka sine.

Men britiske produksjonar fyller snart denne kvoten aleine, skriv BBC.

EU ønsker difor at britiske seriar ikkje skal telje med når strøymetenestene gjer opp status for det europeiske innhaldet sitt.

Viseadministrerande direktør Max Rumney i organisasjonen Pact, som representerer britiske TV- og filmprodusentar, seier han trur at dette kan gjere det vanskelegare for filmprodusentar å få finansiering.

– Dette er etter mi meining ein idiotisk taktikk frå EUs side, seier han til BBC.

Han meiner det blir vanskeleg å regulere dette, og at folk vil finne måtar å omgå desse avgrensingane på.

– Det ser vi særleg blant dei yngre, seier han.

Kan opne dører

Men på kontinentet blir forslaget godt motteke. Ein av dei som meiner det er rett og rimeleg, er Italias kulturminister, Dario Franceschini.

– Dersom Storbritannia forlèt EU, er det sjølvsagt at produksjonen deira ikkje skal telje som ein del av kvoten, sa han til Corriere della Sera.

Arsene Lupin Season 2

Dei siste åra har fleire av strøymetenestane satsa på eigenproduksjonar på lokale språk, både for å imøtekome krava i AMT-direktivet, men også fordi mange i publikum ønsker lokalt innhald. Sesong to av den franske serien «Lupin» kom tidlegare denne månaden på Netflix.

Foto: Emmanuel Guimier / Netflix

Den estiske medierådgjevaren Sten-Kristian Saluveer seier til The Guardian at EUs planar om å avgrense britisk innhald kan slå positivt ut for produksjonar frå dei mindre medlemslanda.

Han meiner det kan gi meir plass til nasjonalt innhald, og viser til at fleire europeiske samproduksjonar blant anna har fått stor merksemd i utlandet, og blitt nominerte til prestisjetunge prisar.

Ut på høyring i Noreg

EU-direktivet er ikkje ein del av EØS-avtalen, men det er likevel interessant for Noreg. Det er sett i gang eit arbeid for å gjere dette til ein del av norsk lov.

I 2019 varsla regjeringa at dei ville forplikte strøymetenestene til å investere i fleire norske seriar. Og i den mediepolitiske utgreiinga i mai, varsla kulturminister Abid Raja (V) at endringar i kringkastingsregelverket blir sendt på høyring til hausten, slik at direktivet kan gjelde også her til lands.

Beforeigners

HBO har satsa på europeiske produksjonar. «Beforeigners» med Nicolai Cleve Broch i hovudrolla var den første norske serien. Sesong to er venta å ha premiere i løpet av året.

Foto: Eirik Evjen / HBO

For den norske filmbransjen blir det viktig at strøymetenestene skal forplikte seg til å investere i norske produksjonar, og at desse skal bli synlege i strøymetenestene.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP