Etter 54 år blir doktoren kvinneleg

Den evigvarande BBC-serien «Doctor Who» får endeleg sin første kvinnelege doktor. Skodespelar Jodie Whittaker skal ta over etter Peter Capaldi.

Jodie Whittaker

Jodie Whittaker er blir den første kvinnelege doktoren i BBC-serien Doctor Who.

Foto: Joel Ryan / AP

Dette blir første gong ei kvinne har hovudrolla i serien, skriv BBC.

Identiteten til den nye doktoren blei avslørt i ein direktesendt trailer mot slutten av herrefinalen i tennisturneringa Wimbledon.

Der blei det klart at engelske Jodie Whittaker, mellom anna kjend frå TV-serien «Broadchurch» blir den nye doktoren i den tradisjonsrike serien.

– Det er meir enn ei ære å få spele doktoren. Det vil seie å hugse alle eg brukte å vere, samstundes som eg omfamnar alt doktoren står for: håp. Eg kan ikkje vente, seier den 35 år gamle skodespelaren til BBC.

Whittaker skal ta over etter skotske Peter Capaldi, som har vore i rolla sidan 2013. Ein «julespesial» vil bli den siste episoden til Capaldi.

Serien «Doctor Who» handlar om ein tidsreisande ved «The Doctor». Doktoren reiser i tid og rom saman med følgjesvennene i ein tidsmaskin som liknar på ei såkalla politiboks, som tidlegare fungerte som ein telefonkiosk for politiet.

Hovudrolla i serien kan gjenskape seg sjølv i ein ny kropp, noko som gjer det mogleg å endre skodespelarar i det uendelege.

Serien har heldt det gåande sidan 1963 og står framleis svært stødig i kulturlivet i Storbritannia.

Kulturstrøm

  • Stordalen kjøper enda eit forlag

    Petter Stordalens forlagsfamilie Strawberry Publishing kjøper seg inn i Bastion forlag, melder Bok365. Bastion er forlaget til Jojo Moyes, forfattaren av «Et helt halvt år», som er den mest selde boka i Noreg dei siste ti åra.

    Jojo Moyes
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • Avsluttar samarbeid med R. Kelly

    Sony Music har bestemt seg for å avslutte samarbeidet med R. Kelly, melder Variety. Avgjerda kjem i kjølvatnet av eit stort press mot plateselskapet, etter at fleire kvinner stod fram i dokumentaren «Surviving R. Kelly» og skulda artisten for seksuelle overgrep.

  • Klissete «chick flick»

    Jennifer Lopez viser du hun har av komisk talent i det som er en varm og artig komedie om å «klare det i storbyen», mener NRKs anmelder Marte Hedenstad om filmen «Second Act». Helt til den blir en klissete klisjé etter en tvist i andre halvdel. Terningkast 3.

    Second act
    Foto: SF Norge