Sandforest frå Stjørdal er første band som får sjansen gjennom P1 demo. Bandet består av gitarist Atle Dybå, Håkon Kvidal på bass, Lars Jensen på trommer, Per Morten Thyholt på keyboards og vokalist Roar Nygård som også trår til på akustisk gitar. Dei fem har spelt saman i nesten 10 år. Tre av dei fem spelar og i eit danseband.
Skogsband
Namnet Sandforest står Atle Dybå bak. – her eg bur på Stjørdal så er det ein skog like i nærleiken. Skogen står på sandgrunn. Tanken slo meg at me kanskje kunne ha det namnet. Eg søkte på Internett og fant berre eit lite reisebyrå i Afrika som hadde same namn, forklarer Atle.
Opna på Hell Blues
Dei fem har kjent kvarandre i mange år. 3 bur på Stjørdal medan 2 bur i Oslo, noko som gjer at ein ikkje øver fast kvar veke – Nei vi har liksom ikkje moglegheita til det. Men me har kjent kvarandre i mange år og har spelt masse forskjellig saman. Difor fant me til slutt ut at me skulle satse litt på dette bandet, forklarer Atle og legg til at opninga var under årets bluesfestival på Hell i Nord Trøndelag. – Ja vi hadde vår første konsert der og fekk gode tilbakemeldingar.
Vil prøve seg fram
Førebels er det ingen plateselskap som har mottatt noko demo frå Sandforest. Bandet vil helst prøve og feile før ein satsar på ei artistkarriere. – Vi må få spelt meir saman. Difor held eg no på med å planlegge kor me kan spele og kven som kan ta i mot oss, seier Atle Dybå. – Får vi litt tid på oss, så vert det nok til at me kanskje sender inn ein demo. Det spørs om me passar heilt inn i det selskapa vil ha. Ein gjeng med aldrande herrar er vel ikkje det mest attraktive, seier Atle og flirar. Kven veit, kanskje er det nokon som ringer etter at låta har vore spelt i NRK p1 ?
Klikk på lenka over for å høyre låta "The lie" (Lars Jensen/Atle Dybå).