Hopp til innhold

Espen Grjotheim ute av Stjernekamp

Espen Grjotheim måtte ta cowboyhatten i handa og forlate Stjernekamp. – Eg hadde ein klar magefølelse, seier han.

Espen Grjotheim i Stjernekamp

ANDRE UT: Espen Grjotheim måtte ta hatten i handa og forlate Stjernekamp.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Espen Grjotheim er andremann ut av årets Stjernekamp. Han fekk tilbakemeldingar på at han er ein stødig vokalist, men seier sjølv at han såg det komme.

– Eg hadde ein klar magefølelse. Alle gjorde ein fantastisk jobb. Nokon må ut kvar gong, og eg syns det er ein ære å ha fått vere med, seier han, men legg ikkje skjul på at det er litt bittert å ryke.

– Heilt ærleg hadde eg gleda meg til å synge fleire sjangrar. Eg kunne kanskje ha vald litt annleis, men målet mitt var å velje songar eg syns er fine, seier han til NRK.no.

– Redd for at Silya skulle ryke

Silya i Stjernekamp

Silya Nymoen stod i fare for å ryke ut i kveld, men får vere med vidare.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Espen framførte låta «Amazed» av Lonestar, og dommarpanelet meinte han godt kunne ha vore litt dristigare.

– Det er ei veldig søt låt. Du syng heilt perfekt, men det eg må seie er at sidan du er så enormt god teknisk, og vel polerte pompøse låtar, er det litt vanskeleg å la det gå inn, var tilbakemeldinga frå ekspertdommar Mona B. Riise.

– Du syng heilt fantastisk, men eg hadde likt å sett deg sleppe deg litt meir laust, var Vinni sin dom.

Allereie favoritt-stempla Silya Nymoen var overraskande nok den deltakaren som fekk nest færrast poeng i kveldens program, noko som overraska Espen.

– Eg var redd for at Silya skulle ryke, då hadde eg følt meg skuldig, seier han.

– Skal vi på turné saman?

Slik som både i førte og andre program, hausta Silya massivt skryt frå dommarpanelet, og tilbakemeldingane etter kveldens tolking av Ring of Fire av Johnny Cash /Anita Carter var intet unntak.

Silya Nymoen lét seg sjarmere i senk av Bjøro Håland då dei øvde saman i løpet av veka, og på scenen i kveld sjarmerte ho både Bjøro og resten av dommarane rett tilbake.

– Ho syng bra, ho har karisma, ho er miss charisma, var Bjøro sin reaksjon etter framføringa. Sjølv om ho bur i USA har ho aldri prøvd seg på country før.

– I New York er det ikkje mykje country. Det er litt gøy at eg gjer country for første gong i Noreg. Bjøro – vi skal vel på turné saman? Sa Silya til Bjøro.

– Irriterande bra

Atle i Stjernekamp

Atle får status som «irriterande flink» av dommarpanelet i kveld.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Pikehjartesmeltaren Atle sitt bidrag til countrykvelden var si tolking av låta «American Ride» av Toby Keith. Også han hausta stor begeistring frå dommarpanelet.

– Du er irriterande flink. Eg er ikkje så glad i låta men eg let meg rive med, seier Vinni.

– Du song med tydeleg språk, og du song til heile salen. Dette er knallbra, og ei god framsyning, var dommen frå gjestedommar Bjøro Håland. Countrydebutanten sjølv seier til NRK.no at det var godt å få positiv tilbakemelding frå Bjøro Håland.

– Det er kjempegøy å få tilbakemelding frå eksperten. Det er ei stadfesting på at eg har gjort noko rett, seier Atle, som var ein av dei første som fekk vite at dei kom vidare i kveldens program.

– Det rungar i ribbeina

Vidar Johnsen fekk skryt frå både fagdommaren og Vinni, og med si tolking av I Will wait av Mumford & Sons klarte han å røre dommar Mona B. Riise til tårer.

Vidar i Stjernekamp

Vidar Johnsen fekk ribbeina til Mona B. Riise til å runge.

Foto: Julia Naglestad / NRK

– Det var så fint at eg blei heilt rørt, seier Mona B. Riise i det dei første tårene i denne sesongen trilla ned kinna hennar.

– Låta er rask samtidig som den er sår, trist og inderleg, og det fekk du til så fint. Det er det beste du har gjort i Stjernekamp, seier ein imponert Mona B. Riise.

– Det rungar i ribbeina når du syng denne låta, og det håpar eg publikum som sit heime og ser på TV også kjenner, seier Mona, ei tilbakemelding som rørte artisten sjølv.

– Slik tilbakemelding betyr veldig mykje når ein har vore på botnen to gonger. Eg set stor pris på det, seier han.

– Blir varm i hjartet

Helene Bøksle i Stjernekamp

Helene Bøksle gjorde coach og gjestedommar Bjøro Håland varm i hjartet.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Også Helene Bøksle brakte fram kjensler i dommarpanelet med Always On My Mind av Willie Nelson. Gjestedommar Bjøro Håland hadde berre varme godord å kome med etter å ha hørt Helene på scenen.

– Det varmar sjela mi. Eg blir så varm i hjartet. Det var ei riktig låt, og så trudde eg på kvart eit ord du sa, og det er alt eg treng, seier ein tydeleg imponert Bjøro.

– Eg har lyst til å grine litt når eg høyrer deg, sa Vinni.

Mange av deltakarane hauta mykje snakk om hjartevarming og tårer. Stjernekamps yngste deltakar Agnete skrudde opp tempoet, og inviterte til fest med låta «Here for the Party» av Gretchen Wilson.

Country var ukult

Agnete i Stjernekamp

Agnete spelte opp til fest i kveldens Stjernekamp.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Agnete er ein av dei få deltakarane som har eit forhold til country frå før, men vedgår at ho ikkje alltid har likt det.

– Eg likar country i dag, men då eg var yngre og byrja å synge syns eg det var ukult, fordi det var pappa si greie. Det var pappa som foreslo Gretchen Wilson, seier Agnete til eit imponert dommarpanel.

– Eg må gratulere deg med ein suksess i dag, eg syns det var veldig bra, var dommen frå Bjøro.

– Du er ein underhaldar. Du lev deg inn i karakteren du syng fint, og eg er glad i ein fest, var tilbakemeldinga frå Vinni.

Førre veke var det 80-talsfest med høge skulderputer og høgt hår, men likevel var det Elisabeth Andreassen som måtte forlate Stjernekamp, som første artist ut.

I kveld var det Espen Grjotheim som måtte ri åleine inn i solnedgangen, medan dei resterande åtte deltakarane får vere med i enda ein episode.

Stjernekamp
Foto: Julia Naglestad / NRK

Kulturstrøm

  • Sangtekster har blitt enklere, mer repeterende, aggressive og selvopptatte

    Et team av europeiske forskere har analyserte ordene i mer enn 12.000 engelskspråklige sanger, på tvers av sjangrene rap, country, pop, R&B og rock fra 1980 til 2020.

    Ifølge studien, som ble publiser torsdag, har sangtekster blitt enklere og mer repeterende. Tekstene har også blitt mer aggressive og selvopptatte i løpet av de siste 40 årene, skriver The Guardian.

    En av forskerne bak studien, Eva Zangerle, understreker at sangtekster kan være et «speil av samfunnet», som gjenspeiler hvordan en kulturs verdier, følelser og opptatthet endrer seg over tid. Studien trakk ikke frem hvilke artister funnene gjaldt.

    Sangtekster
    Foto: AP
  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)