NRK Meny
Normal

Erland Josephson er død

Den svenske skodespelaren Erland Josephson er død. Han blei 88 år gammal.

Erland Josephson

Erland Josephson på ein pressekonferanse for oppsetjinga Blomsterplockarna i Stockholm i 2006.

Foto: Kerstin Carlsson / Ap

Josephson døydde laurdag kveld på ein sjukeheim i Stockholm.

– Han blei dårlegare veka som gjekk. Han døydde med dei næraste rundt seg, seier dottera, Fanny Josephson, til nyheitsbyrået TT.

Tett samarbeid med Ingmar Bergman

For nordmenn er Josephson truleg best kjend for tett samarbeid med fimskaparen Ingmar Bergman. Han har spelt i fleire av filmane til Bergman, som blant anna «Scener fra et ekteskap» (1973) og «Fanny og Alexander» (1982).

Dei to skreiv også filmmanus saman under pseudonymet Buntel Eriksson.

Liv Ullmann var motspelaren til Josephson i «Scener fra et ekteskap».

ENTERTAINMENT-FILM-SWEDEN

Frå venstre: Ingmar Bergman, Sven Nykvist, Erland Josephson og Liv Ullmann ved huset til Bergman på øya Fårö, nordaust for Gotland i 1972.

Foto: GUNNAR LANTZ / Afp