Dag Skogheim:
Erindringer om Thorvald
Gyldendal 2002
Boka er ein norsk oppvekstroman. Men når far heiter Sandor og er skipper, og mor heiter Hagar og har røter i Sovjet, så er vi i ei anna tid og på ein annan stad enn vanleg er i dagens oppvekstromanar. Her er menneske- og miljøskildringar av sjeldan klasse.
Fleire julegåvetips
Marta Norheim meiner desse bøkene ga gode lesaropplevingar
Brynjulf Jung Tjønn: "Eg kom for å elske"
Debutant med gjennomarbeidde, poetiske, små kapittel. Truleg årets kortaste roman, men så fortetta at forfattaren får sagt overraskande mykje likevel.
Ahmadou Korouma: "Allah skylder ingen noe"
Farge- og språksterk historie lagt i munnen på Birahima, ein barnesoldat frå Vest-Afrika; ein ekte overlevar og livskunstnar midt i eit dystert politisk kaos.
Olaug Nilssen: "Vi har så korte armar"
Ølgjer (!) og Liv dreg frå bygda Skoddeheimen til byen for å studere. Vår tids bondestudentar bruker diverse (ikkje særleg vellukka) metodar for å overleve i studiemiljøet. Annleis roman med høg humorfaktor.
A.S. Byatt: "Biografens beretning"
Intellektuelt underhaldande roman om det umoglege ved å skrive ein biografi, sjøl om fleire her prøver veldig hardt å få det til. Skjulte sider ved Ibsen og Carl von Linne vert avdekt i løpet av det biografiske arbeidet.