– Omtrent alt går føre seg på engelsk når eg spelar dataspel, seier Sindre Skuland Simensen.
Han er 15 år gammal og dataspelentusiast. Minst ein gong om dagen spelar han interaktive dataspel med folk frå heile Europa.
Både spela i seg sjølve og kommunikasjonen mellom spelarane blir dermed fyrst og fremst på engelsk.
Ifølgje ein ny rapport frå Medietilsynet er ikkje dette uvanleg.
Dramatisk at engelsk dominerer
For fyrste gong har dei undersøkt kva språk barn og unge mellom ni og 18 år møter i dei ulike digitale flatene dei er på. Tala viser at engelsk er det klart vanlegaste språket å bruke i spel, film, serie eller TV-program, i tillegg til YouTube.
POLITISK HANDLING: Åse Wetås, direktør i Språkrådet, synest det er viktig at barn lærer fleire språk. Samstundes er det viktig at barn får eit godt digitalt tilbod på norsk.
Foto: Mariam Butt / NTB scanpix– Det er dramatisk at det er så lite norsk i digitale flater, spesielt når vi veit at barn og unge brukar mykje tid der, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet.
Ho understrekar at det er ei styrking å kunne meistre fleire språk, men styrking kjem ikkje viss innhaldet berre er på engelsk.
Ho meiner derfor det må politisk handling til for å sørge for at barn får eit godt digitalt tilbod på sitt eige språk.
– Det å kunne ha tilgang til godt innhald på norsk er veldig viktig for at ungane og ungdommane skal kunne sjå at eit norsk språk skal kunne brukast på digitale flater, seier ho.
Ingen trussel for norsk språk
Elena Tkachenko, dosent i norsk ved OsloMet, meiner det er heilt naturleg at barn og unge i dagens samfunn vel engelsk når dei skal sjå filmar, spele dataspel eller bruke anna medieinnhald.
POSITIV: – Eg synest det er positivt at barn brukar fleire språk fordi det bidrar til større forståing for andre kulturar, seier Elena Tkachenko, dosent i norsk ved Oslomet.
Foto: Sonja Balci– Barna i moderne tid er ein del av den globale populærkulturen og mediekulturen der det blir brukt mykje engelsk, seier ho.
Språkforskaren er heller ikkje bekymra for at engelsken er ein trussel for barnas språkutvikling på norsk, då norsk er svært synleg på andre arenaer, som til dømes på skulen og heime med familien.
– Eg synest det er positivt at barn brukar fleire språk fordi det bidrar til større forståing for andre kulturar og også kan vere med på utvikle kritisk blikk på medieinnhaldet.
– Det er viktig at den språklege kompetansen på engelsk som dei utviklar gjennom sin mediebruk, blir verdsett og bygd vidare på i skulesamanheng, seier ho.
Engelsk bind saman samfunn
Simensen deler den same oppfatninga som Tkachenko.
– Eg tenker det er veldig fint med engelsk. Det samlar heile internettsamfunnet, og det er veldig bra at vi kan lære av kvarandre og binde saman samfunnet.
NETTVERK: Sindre Skuland Simensen fortel at han møter mange interessante menneske gjennom å spela og å snakka engelsk.
Foto: PrivatHan fortel vidare at han har lært mykje meir engelsk gjennom dataspeling enn det han har lært på skulen, og at han dermed har auka språkkompetansen sin.
– Men hadde du valt norsk viss det hadde kome som alternativ?
– Nei, eg trur faktisk verken eg eller venane mine hadde gjort det. Vi har vakse opp med engelsk på desse plattformene, og det er det vi er vande med, svarer han.
– Det beste hadde så klart vore om vi hadde funne ein balanse mellom norsk og engelsk, men det kan bli vanskeleg, avsluttar han.