NRK Meny
Normal

Elton John fyller 70 – sjå hans utrulege liv i bilde

– Det fine med rock 'n' roll er at ein som meg kan bli stjerne, har Elton John uttalt. Han hadde minst ein hit, som nådde Billboard, kvart år mellom 1970 og 2009.

ATTACKS BENEFIT CONCERT

I KJENT STIL: Elton John har spelt piano sidan han var fire år gammal. Her opptrer han på «Concert for New York» i Madison Square Garden, berre få dagar etter terrorangrepa i New York 11. september 2001.

Foto: BETH A. KEISER / AP

Elton John har produsert hit etter hit sidan han starta karrieren for snart 50 år sidan. John feira 70-års dagen på ein velgjerdsgalla til inntekt for kampen mot HIV og AIDS i Los Angeles, der Lady Gaga var blant dei som opptrådte.

Norsk favoritt

Som ein del av 70-års feiringa får Elton John, fram til 30. mars, velje éin favorittsong om dagen på på Amazon Music Unlimited. Blant favorittane Elton John har plukka ut er Big Sean, Father John Misty og den norske nykomaren Sigrid Raabe.

Her er ein smakebit frå Elton John si lange karriere: