Hopp til innhold

Ellen Arnstad forlèt Henne

17 år etter at ho starta Henne, gir Ellen Arnstad seg som sjefredaktør. Ho ser ikkje vekk ifrå at det kan kome eit nytt magasin frå hennar hand.

Video Ellen Arnstad

SJÅ: Ellen Arnstad gir seg som sjefredaktør i Henne, som ho starta for 17 år sidan. I dag kryr det med norske kvinneblad.

Ho har vore ansiktet utad og den styrande handa bak magasinet Henne i ei årrekkje. No gir Ellen Arnstad seg som sjefredaktør og rykkjer opp i Aller-systemet.

– Eg har jobba mykje i mange år og ser at det er viktig å la nye krefter kome til, seier ho.

Sidan 1994 har ho leia bladet, som var eit av dei første norske kvinnemagasina, og i dag kjem ut i eit opplag på over 30 000.

Arnstad vil halde fram som forlagsredaktør i Aller Media.

– Eg skal jobbe med alle blada våre og utvikle nye, så det kan vere at eg skal lage noko nytt. Eg har veldig lyst til å bruke mi redaksjonelle erfaring på heile porteføljen vår, seier ho.

Ny sjefredaktør

Laila Madsø, som i dag er redaksjonssjef i Henne, tek over som sjefredaktør frå månadsskiftet mai/juni.

– Ho har kombinasjonen av både mote, livsstil og reportasje som er sjølve kjernen i Henne, seier Arnstad.

Sjå Ellen Arnstad presentere den nye sjefredaktøren:

Video Ellen Arnstad og etterfølgaren

Møte med Dronning Sonja

I 1994 kom første utgåve av Henne ut, same dag som Arnstad fødde sin førstefødde son.

– Filosofien då eg starta Henne var at det skulle vere eit mote- og livsstilsmagasin for norske kvinner, eit magasin med veldig høg bilde- og tekstkvalitet, seier ho.

Ho framhever møtet med dronning Sonja i ei av dei første utgåvene av bladet som eit høgdepunkt, saman med opprettinga av designprisen Nåløyet, som denne veka vart delt ut for åttande gong.

– Ikonet for kvinneblad

–Ellen er gründaren i forhold til norske kvinneblad, meiner kommunikasjonsrådgjevar Lasse Gimnes.

–Først kom familieblada, som til dømes Familien, Allers og Norsk Ukeblad, som først og fremst kvinner kjøpte. Men det var Ellen som lanserte kvinnebladsmarknaden med Henne. Ho blei det store, store ikonet for kvinnesegmentet av magasin, seier Gimnes.

Lasse Gimnes om dameblad-marknaden:

Video e4ea319a-3a74-42ed-9992-dcd2a3d9a960.jpg

Attraktiv målgruppe

– At Ellen Arnstad lukkast med Henne tydde at det kom mange andre konkurrentar på bana, slik som Hjemmet Mortensen, Bonnier og andre. Det var mange som ønska den attraktive målgruppa, fortel han.

I dag finst det rundt 15 norske kvinnemagasin på marknaden.

Ellen Arnstad

Ellen Arnstad starta Henne i 1994. No gir ho seg som sjefredaktør.

Foto: Henne

– Kvinner, i forhold til annonsemarknaden, er meir attraktive enn menn, meiner Gimnes.

Fare for overetablering

I motsetnad til med dagspressa har det vore ei positiv utvikling i kvinnebladsmarknaden. Men det er fare for ei overetablering, trur Gimnes.

– Det kan bli for mange blad. Vi vil sjå at nokon kjem til å falle frå i tida som kjem. Hjemmet Mortensen har mellom anna meldt at dei vil satse på eit nytt kvinneblad framover, seier han.

14. mars lanserer også Bonnier Media eit nytt kvinnemagasin, Stella.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.