Nøtteknekker-laget fra Harstad består av Knut Saue, Beate Ingebrigtsen og Asbjørn Eidnes, alle fra Harstad. Foto: NRK.
Det var første gang i Nøtteknekkerens historie at ekstraomgang måtte til for å kåre ein vinnar.
Harstad tok leiinga først, då dei imponerande skråsikkert peikte ut Dag Wiréns Serenade for strykarar, med nøyaktig årstal. I første kortoppgåve greide båe laga 9 av 10 rette, så også her måtte ein ty til tilleggspørsmål, noko som gav Kristiansand dei to poenga, og utlikning. Kristiansands Anne-Hilde Hals hadde sjølv spelt stykket i tredje oppgåve, Schumanns klaverstykke frå 1839, men tittelen Arabeske satt for langt inne, sjølv etter ei alfabetisk ransaking av minnet.
Her fekk laga kvar sine 4 poeng.
Lett forvirring
Bruckners messe nr. 2 i e-moll gjorde båe lag noko forvirra, forståeleg nok med tanke på den anakronistiske stilen og Bruckners stadige revisjonar, men ikkje meir enn at Harstad fekk ei marginal leiing – som Kristiansand tok att etter oppgåva ”Stopp musikken”.
Likevel vart det lik poengsum etter siste spørsmål, den frimodige sistesatsen i Carl Maria von Webers 1. klarinettkonsert, skriven i inspirasjon frå møtet med klarinettisten Baermann.
Då var det ingen veg utanom ”straffekonkurranse”: Ein omgang med 5 spørsmål til kvart lag, der Kristiansand greide fire rette mot Harstads to. Dermed vann sør over nord, i ein runde der spenninga var intens og sjarmen bobla.
Tysdag 22. mars møter Bodø Hamar, og med det har alle lag vore i elden to gongar.