Hopp til innhold

Ny Dior-designar blir hylla

Det er ein av dei mest omtalte motedebutane i nyare tid. Raf Simons bevegde seg vekk frå John Galliano med sin første Dior-kolleksjon.

Kongelege, motestjerner og kjøpesterke kundar sat klare på første rad då den nye Dior-designaren, Raf Simons, viste seg fram for første gong i går.

Etter eitt år i limbo har den franske kulturskatten fått ny sjefdesignar - og med det, ei ny retning. Sidan John Galliano sjokkerte med sine antisemittiske utsegn i fjor, har motehuset stått utan sjefdesignar og kolleksjonane har vore signert eit mellombels team.

Belgiaren Raf Simons er kjent som ein minimalismens meister og kjem frå stillinga som sjefdesignar i Jil Sander.

– Tru mot tradisjonen
Raf Simons

Belgiaren Raf Simons har tatt over roret i Dior.

Foto: Jacques Brinon / Ap

– Raf Simons er ein «wonderboy» og løfta Jil Sander til nye høgder. Men det var knytt litt spenning til at han skulle overta eit såpass frodig motehus som Dior, seier Signy Fardal, sjefredaktør i Elle.

I dag hyllar moteverda arvtakaren med fantastiske kritikkar.

– Han var tru mot tradisjonen, ved at han fokuserte på silhuett og midje. Likevel har han dratt Dior i ei meir moderne retning, samtidig som han har halde på sjela i merket, meiner Fardal.

– Det er eit slags 50-talsstempel på det heile. Han vil allereie med denne kolleksjonen vise at han godt veit kva Dior står for og kva det burde vere.

«Tour de force»

Paris Fashion Dior

Slik tolka Raf Simons den klassiske barjakka frå Dior.

Foto: Jacques Brinon / Ap

Den avantgardistiske «outsidaren» frå Antwerpen plasserte seg sjølv i haute couture-historia med ein «tour de force» som gav både følsam og intellektuell resonans, meiner Vogue-nettstaden Style.com.

Fleire av kritikarane legg vekt på at Dior med dette beveger seg vekk frå Galliano-signaturen.

– Han måtte ta avstand til Galliano, for det var forventa at han skulle kome med noko nytt. Simons har blitt kalla ein arkitekt, Galliano ein dekoratør. Han tenkjer linjer, struktur og stramleik. I tillegg hentar han inn eit nytt fargespråk. Det er oppdatert haute couture, meiner motevitar Ida Eritsland.

Valde seg det enkle

Dior

Den nye Dior-designaren har innført fleire friske fargar til det tradisjonsrike merket.

Foto: FRANCOIS GUILLOT / Afp

Ho viser til den ikoniske «New Look»-kolleksjonen, Christian Dior sin første kolleksjon i 1947 som omdefinerte korleis kvinner skulle kle seg. Der Galliano tok utgangspunkt i strutteskjørta som kunne ha opptil 25 meter skjørtevidde, valde Raf Simons seg den enkle jakka.

– Han har tatt tak i andre delar av historia enn det Galliano gjorde. Med Galliano var det ekstravagant og teatralsk. Simons tar utgangspunkt i den klassiske, skreddarsydde barjakka, som er like ikonisk, forklarar Eritsland.

LES OGSÅ: Dior får kritikk for «krisevisning»

Signy Fardal trur noko av grunnen til dette er at dei to designarane har vidt forskjellig bakgrunn.

– Galliano er eit kunstnarisk geni og gjorde fantastiske kolleksjonar, sjølv om nokre av dei var omdiskuterte. No går Dior i ei anna retning. Simons er utdanna industridesignar, ikkje motedesignar, og er ein minimalist der Galliano var maksimalist, seier ho.

– Perfeksjon

Mange av dei største designarane sat på første rad under visninga og var tydeleg nysgjerrige på korleis Simons ville vidareføre Dior-tradisjonen.

– Før visninga synest eg det var vanskeleg å forestille seg kva Raf kunne gjere med Dior. Men frå det første antrekket i dag gav det full meining, sa Donatella Versace til The Guardian.

Alber Elbaz, sjefsdesignar i eit av dei andre store Paris-motehusa, Lanvin, skildra kolleksjonen som poetisk.

– Det var perfeksjon. I dag såg vi eit nydeleg ekteskap mellom ein designar og eit motehus, uttalte kollegaen.

– Han har levert noko som både moteverda og kundane kan sette pris på. Dei designarane som lukkast set sitt eige stempel på kolleksjonen, samtidig som dei tar vare på motehuset sine tradisjonar. Det har Simons definitivt klart, slår Elle-sjef Signy Fardal fast.

Og lågmælte Raf Simons oppsummerte det kanskje best sjølv: – A shift is happening.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.