Hopp til innhold

Ekspert: – Falske nyheiter kan rokke ved demokratiet

– Når falske nyheiter blir kjernen i den politiske debatten, då har vi problem, seier ekspert på presseetikk Gunnar Bodahl-Johansen.

Donald Trump pressekonferanse.

NEKTA Å SVARE: Donald Trump ville ikkje svare på spørsmål frå CNN, som han meiner spreiar falske nyheiter.

Foto: Lucas Jackson / Reuters

Donald Trump gjekk knallhardt ut mot Buzzfeed og CNN under sin pressekonferanse i går. Han avviste påstandane om at det finst ein video med sensitiv informasjon om han og kalla det falske nyheiter.

Trump nekta å svare på spørsmål frå CNN, som har vore ein viktig premissleverandør i saka, og det oppstod eit realt munnhoggeri.

Ekspert på presseetikk, Gunnar Bodahl-Johansen, meiner det blir problematisk når store seriøse nyheitsorganisasjonar plukkar opp falske nyheiter og begynner å lage reportasje på det. Bodahl-Johansen meiner at viss saka med Donald Trump viser seg å vere falske nyheiter, så er det svært alvorleg.

Gunnar Bodahl-Johansen

TRUSSEL: Falske nyheiter er ein trussel mot demokratiet, meiner Gunnar Bodahl-Johansen.

Foto: Institutt for Journalistikk

– Dersom ein med falske nyheiter angrip den komande presidenten i USA og prøver å undergrave hans status og hans rolle, uavhengig av kva ein måtte meine om Donald Trump, så vil det også undergrave demokratiske institusjonar og på sikt vil det undergrave demokratiet.

– Korleis påstår du at dette rokkar ved grunnlaget for vårt demokrati?

– Journalistar har den viktige oppgåva med å sjekke og kontrollere at nyheitene dei sender ut til publikum er korrekte. Det er det som er grunnlaget for ein kvar demokratisk debatt.

Journalistar har ei viktig rolle

NRK er ein av nyheitsorganisasjonane som har referert til denne saka. På Dagsnytt 18 forklarte NRKs USA-korrespondent Tove Bjørgaas kvifor vi gjorde det.

– Eg meinte det var riktig når bade CNN, New York Times og Washington Post leverte fyldige artiklar om denne saka. Dei hadde rett nok snakka med anonyme kjelder, men dei hadde meir enn skriftlege kjelder som Buzzfeed. Eg har ikkje sitert Buzzfeed, som Donald Trump har angrepet veldig hardt, sa Bjørgaas.

Gunnar Bodahl-Johansen meiner det gjer noko med folks tillit når seriøse nyheitsorganisasjonar publiserer falske nyheiter.

– Det er klart det rokkar ved folks tillit. Det er nettopp derfor kjeldekritikk er ein så sentral del av den journalistiske utdanninga. Publikum er heilt avhengig av at det er nokon som sjekkar og kontrollerer informasjonen som kjem.

Bodahl-Johansen meiner det har betydning at vi nå er inne i ei tid der det blir stadig færre journalistar og der media slit økonomisk.

– Media er stadig på jakt etter godt stoff som fører til fleire klikk, og då er det freistande å hoppe på nyheiter som er spektakulære.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober