Denne veka fekk festivalgjengarane på Kongsberg Jazzfestival ein eksklusiv førpremiere på Livet er den tiden det tar å dø.
– Eg er inhabil og overvelda, seier forfattar Lars Saabye Christensen til NRK like etter filmvisinga.
Filmen med den poetiske tittelen handlar om nettopp forfattaren, og sider ved han som ikkje er så kjente.
Blei forfattar på grunn av musikken
Christensen har tidlegare vore open om at han blei råka av kreft under arbeidet sitt med «Skyggeboken», den tredje i «Byens spor»-trilogien.
Filmen handlar mellom anna om den alvorlege sjukdommen, men òg om musikk og poesi.
Frå visinga av filmen «Livet er den tiden det tar å dø».
Foto: Eivind Bulie / NRKChristensen har vore toneangivande som forfattar, men musikken har òg spelt ei stor rolle i livet hans. I meir enn tretti år har han framført dikt i bluespoesi-bandet Norsk Utflukt, som han starta saman med gitarist Kåre Virud.
Faktisk er musikken mykje av grunnen til at han blei forfattar, fortel han.
– Det var gjennom musikken eg blei eit diktande og skrivande menneske. Rocken var mine første kunstnariske impulsar og erfaringar. Tekstane til musikken var min første poesi som eg opplevde sjølvstendig.
Ståande applaus
Filmopptaka var ferdige for berre nokre veker sidan. Framleis står det att finjusteringar av farge og lyd, men festivalen ville likevel ha han som opningsfilm for sideprogrammet Jazzfilm.
– Publikum sin reaksjon var veldig overveldande. At folk reiste seg og klappa etterpå var jo veldig flott å oppleva, fortel regissør Bjørn-Owe Holmberg.
Filmen skal vera ferdig i løpet av september, fortel regissør Bjørn-Owe Holmberg.
Foto: Eivind Bulie / NRKHovudpersonen sjølv trivst betre med å skapa hovudkarakterar framfor å vera ein. Han er likevel veldig fornøgd med filmen om seg sjølv.
– Eg synest det blei ein veldig bra film. Eg tenker ikkje nødvendigvis på meg sjølv, men forma, stemninga, bilda og musikken, seier Christensen.
Den positive responsen til forfattaren verkar å gjera regissøren letta.
– For eg veit kor opptatt han er av ein del ting, så då han snudde seg mot meg då filmen var slutt og tok meg på armen, blei eg glad og tenkte «ok, då godtek han det som er».
Ein ufornybar ressurs
Idéen om filmen vart til då Holmberg høyrde litt av den komande plata til Norsk Utflukt Heder og verdighet heime hjå keyboardisten Espen Fjelle i bandet.
Christensen likte idéen.
Kåre Virud og Lars Saabye Christensen fotografert i aksjon på 2000-talet.
Foto: NTBI filmen, som består av sju kapittel, får sjåaren godt innblikk i arbeidet med bandet i studio på Notodden.
Dokumentaren skal visa ein meir ukjent del av Christensen som har forma og inspirert synet hans på livet og heile forfattarskapen hans, skriv festivalen om filmen.
Som filmtittelen kanskje avslører, er tid eit tema som går igjen i forfattarskapen til Christensen.
– Tida angår oss heile tida. Tida er ein ressurs som ikkje er fornybar. Det er kanskje derfor me skriv, diktar, syng, komponerer og malar, fordi me ønsker å skaffa oss meir tid, seier Christensen.
– Er tida no noko du nyt eller fryktar?
– Begge delar. Eg trur ikkje eg, i mitt no ganske vaksne liv, har opplevd skumlare og dystrare tider enn no. Det betyr ikkje at ein ikkje kan også ha det godt innimellom, men det er vanskelege tider for mange.