Ti fingrar og ti tær
Det finst nokre sjeldne mayahandskrifter som gjer at vi kan vite korleis mayafolket telte. Det var ganske annleis enn korleis vi gjer det i dag!
I det talsystemet som vi nyttar i dag er talet 10 veldig viktig. Vi seier at vi har eit titalssystem. Det er fordi vi byrja med å bruke fingrane når vi skulle telje, og vi har jo ti fingrar. Men mayaane tenkte litt annleis. Dei oppdaga at ved å bøye seg litt kunne dei jo telje tærne sine også – og dermed kom dei på å ha 20 som grunntal. Så lurt! I enkelte mayadialektar betyr faktisk uttrykket "hun uinic" både talet 20 og ”ein mann”.
Tenk om vi berre hadde hatt fire fingrar på kvar hand slik som froskar har. Då hadde vi heilt sikkert hatt 8 som grunntal i staden for 10. Korleis trur du det hadde vore?
Mayatala frå 0 –20
Slik skreiv mayaane tala frå 0 til 20 . Mayaane sin null vart teikna som eit tomt skjell, eller ein tom bolle. Ein prikk var 1, to prikkar 2 osb, mens talet 5 vart teikna som ein liggande strek, 6 vart teikna som ein strek og ein prikk, 7 som ein strek og to prikkar og så vidare.
Mayafolket sine tal frå 0-20
Tal i etasjar
I tillegg til å ha eit heilt anna grunntal enn oss skreiv mayaane tala oppå kvarandre i etasjar, i staden for bortover slik vi skriv dei. For kvar etasje ein går opp aukar talet 20 gongar i verdi i høve til etasjen under! Ganske sprøtt! Ein prikk i første etasje tyder 1, mens ein prikk i andre etasje tyder 20, og ein prikk i tredje etasje tyder 400 og så vidare. Talet 21 skreiv mayaane altså som ein prikk i første etasje og ein prikk i andre etasje. ( 1 + 20 = 21).
Lurt med ein null
Det var kjempelurt av mayaane å finne opp nullen, for det gjorde at dei kunne setje nokre etasjar tomme. Viss dei ville skrive talet 20 måtte dei jo ha underetasjen tom og skrive ein prikk i den andre etasjen. Men det er jo ikkje så enkelt å sjå om underetasjen er tom viss det ikkje står noko der - derfor var det lurt å sette eit tomt skjell i første etasje! Talet tjue blir dermed skrive slik:
Kva for eit tal trur du dette er?
No kan jo du prøve deg fram og sjå om du klarar å lese eit mayatal:
Svaret på mayatall spørsmålet.
Du kan lese meir om mayaane og andre folk sine tal i boka ”All verdens tall – tallenes kulturhistorie 1” av Georges Ifrah.