Hopp til innhold
Anmeldelse

Eit finurleg blunk til litteratur og lesarar

Frå Johan Harstad kan ein vente seg litt av kvart, og få det. Men ei samling på 15 krimromanar som kallar på skratten, vil eg tru overraska sjølv den mest ihuga fansen. Like fullt: Der har du «Ferskenen» i handa.

Johan Harstad med ny bok

Det er tydeleg at Harstad har hatt det moro på jobben, skriv Marta Norheim om «Ferskenen».

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Opplegget er som følgjer: Harstad diktar opp ein forfattar: Frode Brandeggen. Frode Brandeggen diktar opp ein krimhelt, «Ferskenen». Etter å ha gått på ein formidabel smell etter den over 2000 sider lange debutromanen «Konglomeratisk pust», som ingen orka lese, dukkar Brandeggen opp i den andre grøfta og skriv korte romanar for folk som likar krim, men hatar å lese. Dermed let han «Ferskenen» tilfeldigvis parkere Opelen sin like ved der brotsverket skal skje, så han kan fakke tjuven på fersken og få tilståinga der og då. I staden for lange skildringar, nøyer Brandeggen seg med å konstatere: «Det ble dramatikk». Sparer mykje plass på den måten.

Den andre halvdelen av romanen er eit uvanleg fyldig noteapparat, som oppklarer slikt som slett ikkje treng oppklaring, fører oss ut på viddene etter innfallsmetoden og gjev til beste eit portrett av Brandeggen, men aller mest av far hans som det er ingenting godt å seie om. Verkeleg ingen ting.

Romanen som har alt

Riktig moro, særleg etter at eg forstod at eg måtte lese ein heil roman i slengen før eg gjekk tilbake til start og las notane parallelt med romanen i neste runde. Notane er nemleg side opp og side ned, noko som er sterkt forstyrrande for flyten i krimgåta, som strengt tatt ikkje er ei gåte sidan ho er oppklart på staden, men likevel. Trass i den knappe forma, inneheld Harstad/Brandeggens krimbibliotek det hardkokte så vel som gentlemanskrim a la James Bond, kompliserte religiøse riter og reglar, det identitetsforvirra og dessutan reality-sjangeren, mens noteskrivaren – som naturlegvis er tysk – tek seg av kunnskap, kuriosa og tragiske oppveksthistorier. Kort sagt: «Ferskenen» har fått med alt som finst innanfor den skjønnlitterære prosaen på 2000-talet. At notemannen er den mest interessante personen, er som det skal vere.

Moro på jobben

Det er tydeleg at Harstad har hatt det moro på jobben. I tillegg til å more, dultar han borti både den eine og den andre. Vanskeleg far, Karl Ove? Brandeggens var verre. Gå over frå modernisme til røvarhistorier, Tore Renberg? Brandeggen gjorde det meir kompromisslaust. Notemannen som oppdagar poeng der dei ikkje finst, er kanskje eit spark til oss som har gjort leveveg av å tolke tekstar, så her får eg stoppe i tide, og berre konstatere at romanen «Ferskenen» kan lesast som ein leiken runde med litteraturen, eit mellomspel før neste roman med tyngde. Men ein kan aldri vite. Med Johan Harstad veit ein aldri.

Passer for deg som:

  • likar krim, men hatar å lese
  • likar å lese, men hatar krim

Fleire meldingar frå NRK

Med blodig forsett - forside

«Med blodig forsett» er en historisk kriminalroman som blander skotske leilendingers harde kår med samtidens gryende interesse for nye, psykologiske etterforskningsmetoder. Les meldinga

Ozenfant, Ozenfant, av Lars M. Finborud

«Ozenfant, Ozenfant» er en underlig og morsom roman, med referanser i mange retninger. Litt alvor på vår egen tids bekostning finnes også. Les meldinga

Vestlandet av Erlend Nødtvedt

Erlend O. Nødtvedt har avslørt dei inste sanningar, dei djupaste løgner og dei mest inngrodde mytar om denne landsdelen. Les meldinga

Kulturstrøm

  • Dikt om snøskred nominert

    Diktsamlingen «Avhandling om snøskred» av Tilde Strand Bogen er en av tre nominerte bøker til Tarjei Vesaas' debutantpris. Noen av diktene tar utgangspunkt i Kletthammerskredet, et snøskred som gikk i Oppdal i 1868.

    I år er det kun tre bøker nominerte til prisen, mot vanlige fem. De to andre er Maria Horveis roman «Gratulerer med dagen» og M. Seppola Simonsens diktsamling «Hjerteskog».

    Debutantpris skal gå til beste skjønnlitterære debutant under 35 år. Den norske Forfatterforening melder at antallet debutanter under 35 år var lavere i 2022 enn det som har vært vanlig de siste årene.

    Prisvinneren offentliggjøres lørdag 18. mars 2023.

    Tilde Strand Bogen
    Foto: Helge Hansen / Montage
  • Clooney lager amerikansk «Le bureau»

    George Clooney blir både regissør og produsent på en amerikansk versjon av den franske suksesserien «Le bureau». Den franske serien handlet om arbeidslivet til og opplæringen av hemmelige agenter, og ble rost for sin realistisk skildring av agentarbeid.

    Clooney har selv spilt etterretningsagent i filmen «Syriana». Den amerikanske serien vil handle om CIA, og vil også hente inspirasjon fra spionserien «Homeland».

    Le Bureau S05E01
    Foto: Remy Grandroques

Flere kulturnyheter

Beyoncé skreiv Grammy-historie

Med totalt 32 prisar har Beyoncé blitt den mestvinnande artisten i Grammy-historia. Med på vinnarlaget hadde ho bergensaren Jens Christian Isaksen.