Norge Rundt er denne veka på vinterseglas i skjærgarden utanfor Grimstad i lag med Solfrid Gjengset og Alf Haugen. Ekteparet er lidenskapelege seglarar og bruker seglbåten sin heile vinteren.
- Då har vi skjærgarden heilt for oss sjøl, seier Alf.
- Bukter og sund som på gode sommardagar er smekkfulle av båtar og folk, får vi ha åleine nå på vinteren. Det er utruleg fint. Det er rart å oppleve Grimstad-skjærgarden i januar. Badegjestane er for lengst reist heim,
hyttefolket har sløkt lyset og låst døra i påventa av varmare dagar og fiskarane har stort sett berre måsane til selskap.
Det er full vinter på Sørlandet når Norge Rundt er på besøk. Til og med dei ytste skjæra og holmane er dekka av snø. På seglturen som vi er med på får vi både regn, sludd og snø – i tillegg til ein frisk bris som gir oss god bør og til dels stor sjø.
Avstressande
Segling handlar om å beherske naturkreftene og få vinden til å drive båten fortast mulig gjennom vatnet. I god vind kjem ein fort fram. Er det ikkje vind får ein bruke den tida som trengs.
Solfrid Gjengset og Alf Haugen.
- Det er avstressande å segle, meiner Solfrid og Alf.
- Klokka tek vi ikkje med oss, tida er ikkje så viktig. Og den beste augneblinken på heile turen er då vi har fått opp segla og kan slå av motoren! Den stillheita og roa som er då, den er verd heile turen, hevdar Solfrid.
Programleiaren til rors
Etter å ha gjort teneste som matros og dekksgut på heile turen, får programleiar Øystein Skotte til slutt lov til å prøve seg som rormann, og han er ikkje sein om å takka ja til tilbodet.
- Det er utuleg artig å ta kontroll over ein god seglbåt og kjenne dei enorme kreftene som er i sving, seier Øystein.
Norge Rundt på NRK1, fredag 9. januar klokka 1930.