Hopp til innhold

Ein Porsche for ei helg

Ferrari, Aston Martin, Rolls Royce og Bentley, medlemmene i the Classic Car Club kan velje blant 50 luksusbilar når dei skal ut på tur. No kjem den eksklusive bilringen til Norge.

Porsche

Ikke alle har råd til å leie en Porsche 911 til søndagsturen.

Foto: AP

Hør: Ein Porsche for ei helg, - Eksklusiv bilring kjem til Norge

Nokre bil-ringar er meir eksklusive enn andre, og no kan ein britisk luksus-variant vere på veg til Norge. I garasjen til the Classic Car Club glitrar og skin det i krom og blank lakk, - her får du ikkje berre eit køyretøy, du får òg velvære, komfort, klasse og eleganse.

Dyr luksus

Dei fleste bilringar har medlemmer som anten ynskjer å spare pengar, eller som vil spare miljøet ved å dele ein bil med fleire andre. Det er ikkje tilfellet med Classic Car Club. Der står køyreglede og bilinteresse i høgsetet, og mot å betale 40-50 000 kroner i året kan du velje blant luksuriøse og klassiske bilar.

Som det heiter på heimesida deira: 'Så fort du kjem til klubben, blir du desperat etter å køyre derifrå.'

Vil til Norge

James Evans

James Evans er en de som startet CCC.

Foto: Classic Car Club

Classic Car Club blei starta for 12 år sidan av tre kompisar i ein garasje i London. I dag har klubben avdelingar i London, Glasgow, Edinburgh, Manhattan og København. I London kan du velje mellom 50 bilar, blant anna ein Mercedes 230 SL frå 1965, ein Ford Mustang frå 1969, ein Porsche 911 T, ein Maserati, Ferrariar, Jaguarar, Rolls Royce, Bentley, mm..

No ynskjer Classic Car Club å starte ei avdeling i Norge, og dei er i kontakt med aktuelle samarbeidspartnerar. Går alt etter planen kan du bli medlem av norske CCC alt neste år.

Hør: Ein Porsche for ei helg, - Eksklusiv bilring kjem til Norge

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.