Der breen skurar seg fram, blir ingenting tilbake. Då Nigardsbreen hadde eit stort framrykk nedover dalen på 1700-talet, gjekk det ille med fleire gardar. Utover 1700-talet fór Nigardsbreen nedover dalen med ein fart på 100 meter i året, og i 1743 stod brefronten på tunet til garden Nigard. Folket på garden rakk å rømma, men husa blei slukt av breen. Også frå garden Bjørkehaug, lenger nede i dalen, måtte folket rømma frå breen som åt seg fram.
Breen fører med seg store mengder grus og stein. Dette er stein som ligg i fronten av Nigardsbreen. Foto: NRK
Breen skyv stein, grus og hus framfor seg som ein diger bulldosar. Framfor breen lagar det seg store vollar av det breen fører med seg. Desse vollane blir kalla morenar. Nigardsbreen har trekt seg tilbake 3 kilometer sidan storframrykket på 1700-talet, men gardane breen slukte, finst det ingen spor etter. Breane gjer ein grundig jobb. Dei er med på å forma landskapet vårt, og det er breane som har laga alle fjordane våre. Ein dal breen har laga, kallar me ein U-dal. Det er fordi den har bratte sider og ein slak botn.
Korleis breen rører seg
Breen rører seg fordi høgt trykk gjer isen mjuk. Hard is finn me berre i dei øvste 20-30 metrane av isen. Tyngda av dette harde islaget skapar eit så stort trykk at isen lenger nede oppfører seg som ein mjuk masse.
Når isen blir mjuk, vil rørsla gå føre seg på to måtar: Den eine måten er at ulike lag av isen nærmast glir i høve til kvarandre som skiver. Den andre måten er ei form for gliding mellom iskrystallane. Kor mykje breen flyttar seg er avhengig av fleire ting: Ein tjukk bre flyttar seg raskare enn ein tynn bre og ein bre som ligg på eit flatt platå flyttar seg saktare enn ein bre som ligg i ei bratt helling.
Sålegliding
Sålegliding er korleis heile breen glir på underlaget. I Noreg er breane ”varme”, det vil seia at dei held ein temperatur på kring 0 grader tvers igjennom. Det at breane er varme, gjer at det renn mykje vatn under og igjennom breane. Vatnet som renn under breen, gjer at breen glir lettare. Det kan faktisk fungera som ei vasspute som isen flyt på.
Ei reise gjennom breen
Viss du slepper ein stein ned på isbreen, vil den forsvinna inn i den. Steinen vil gjera ei reise gjennom breen, for til slutt å koma fram lenger nede på breen. Det er fordi breen har ei rørsle nedover. Snøen som fell på breen, blir sakte omdanna til breis etterkvart som den ”søkk” lenger ned i den. Steinen som blir sleppt ned på breen vil følgja snøen si vandring gjennom den. Den isen som du ser i fronten av breen, vil derfor vera den eldste isen i heile breen. Her vil også steinen du slapp ned koma til syne etter fleire år. Det finst fleire eksempel på at saker og ting som har forsvunne på breen har kome ut igjen av breen etter fleirfaldige år. Både menneske, dyr og til og med eit heilt fly har hatt reiser gjennom isen i Jostedalsbreen.
Bresprekkar
Bresprekkane på norske brear kan ikkje bli djupare enn 20-30 meter, men det kan vera skummelt nok. Foto: NRK
Breen si stadige rørsle er grunnen til bresprekkane. Ein bresprekk på norske brear blir sjeldan meir enn 20-30 meter djup. Lenger nede er ismassane så mjuke at dei flyt saman på grunna trykket frå ismassane over. Bresprekkane er ein av grunnane til at det kan vera farefullt å gå på breen. Om du skulle overleva eit fall ned i ein sånn sprekk, er det ein svært kald og våt plass å opphalda seg. Sjansen for at du frys i hel, om ikkje hjelpa kjem fort, er stor.
Ein annan særlig farlig plass å opphalda seg, er framfor breen. Særlig i sommarhalvåret er smeltinga i fronten av breen stor. Ismassar rasar ut, og det er alt anna enn trivelig å få nokre tusen kilo is i hovudet.
Kjelder:
"Jostedalsbreen" av Oddgeir Bruaset
"Norges isbreer" av Leif Ryvarden og Bjørn Wold
"Jostedalsbreen. Norges største isbre" av Leif Ryvarden og Bjørn Wold