Det handlar om ein gjeng med smak for høg føring. I eit fornemt lokale med flasker på bordet og smog i lufta. Ein stad der herrar møtast for å diskutere det herrar som regel diskuterer.
Det spreier seg
Historia om Tuco`s Lounge starta for vel eit år sidan. Ein gjeng med studentar i Bergen som veit at livet er litt meir enn sin fornemme herreklubb. Kameratarane kjem nemleg på at dei faktisk har gått på musikkgymnas saman. Kanskje dei skal prøve å danne eit band?
Raskt vert ein rå vokalist hyra inn saman med ein drivande trommis. Ryktet spreier seg allereie etter den første jobben. Med ein udefinerbar musikkstil og emne til å forføre publikum, byrjar folk å undre seg i studentmiljøet i byen. Eit år etter har bandet eit dusintals spelejobbar bak seg. Det er tid for å ta steget vidare. Hausten 2002 går turen til studio i Bergen for å spele inn ein sjølvfinansiert EP.
Ukjent landskap
Ingen veit eigentleg heilt eksakt kva type musikk Tuco`s Lounge spelar, heller ikkje dei sjølv.
- Det er eigentleg det som er det snodige, forklarer Ketil Skare.
– Heilt sidan starten har folk sagt at dette er ein type musikk som skiljar seg ut. Kanskje det er difor folk legg merke til oss?
- Er det umogeleg å sette musikken i bås?
- Ja det er kanskje det. Vi bruker gjerne namnet "the gentlemen of rock`n roll. Så får folk sjølv finne ut av det.
Vokalist Bjørn Sturle Hillestad bør vere ein annan årsak. – Joda Bjørn har ei rå stemme vi andre er misunneleg over. Ketil er samd i påstanden og legg til. – Når vi har øving og Bjørn syng i mikrofonen, dirrar lokalet.
Blikk på Bergen
Kritikarane har nærmast slost om å skrive positivt om det bergenske musikkmiljøet den siste tida. Dei fem i Tuco`s Lounge har likevel ikkje merka det heilt store trykket.
- Vi merkar at ting skjer i miljøet her i byen. Folk kjenner kvarandre, og tipsar om gode band. Vi er likevel ikkje blitt hypa på same måte som mange andre har blitt. For oss handlar det meste om å øve inn gode låtar så får vi sjå kva som skjer, poengterer bassist Ketil.
Tuco`s Lounge er:
Bjørn Sturle Hilldestad – vokal
Christoffer Pedersen – gitar
Ketil Andrè Tofte – orgel/rhodes
Johnny Gulbrandsen – trommer
Ketil Skare – bass
Tucos`Lounge starta med whisky og sigar