Hopp til innhold

Ein gammal klassikar er populær igjen

Nokia 3310 er attende i butikkane, og den store etterspurnaden kan føre til ein liten oppsving i salet av basistelefonar.

Nokia 3310

NY VERSJON AV GAMMAL KLASSIKAR: Saknar du telefonen du hadde på starten av 2000-talet? Nå er Nokia 3310 attende.

Foto: Josep Lago / AFP

– Det har vore kjempestor interesse for den nye Nokia 3310, seier kommunikasjonsrådgjevar i Elkjøp, Fredrik Meilegård Arnesen.

Fredrik Meilegård Arnesen

KJEMPEINTERESSE: Fredrik Meilegård Arnesen i Elkjøp stadfestar at den nye Nokia 3310 har vorte populær i Noreg.

Foto: Elkjøp / Creative Commons

Etter at smarttelefonane kom på marknaden har salet av basistelefonar gått ned, men dei siste åra har etterspurnaden vore ganske stabil. Elkjøp har så langt selt om lag 1500 stykke av den nye modellen, noko som er nesten 30 prosent av det totale salet av basistelefonar.

Arnesen trur nostalgi kan vera ein del av grunnen til interessa, i tillegg til at telefonen er rimeleg.

– Det er framleis er ein del kundar som ynskjer ein telefon med knappar i staden for smarttelefon. Vi ser òg at fleire kjøper den som ein ekstratelefon dei kan bruke til dømes på festivalar, slik at dei ikkje treng å vera redde for at smarttelefonen skal bli øydelagd.

Også i Finland, Nokias heimland, har den nye modellen vorte populær. Svenska Dagbladet skriv at teleselskapet DNA hadde problem med å handtere etterspurnaden.

FINLAND-KOIVISTO-OBIT

GORBA: Nokia laga den fyrste mobiltelefonen i 1982, den heitte «Mobira Senato». I 1987 kom det finske selskapet på banen med «Mobira Cityman». Den 800 gram tunge telefon vart betre kjend som «Gorba» etter at Mikhail Gorbatsjov vart fotografert med ein i handa.

Foto: MARKKU ULANDER / AFP

Med ein moderne vri

Original 3310

ORIGINALEN: I 2000 vart Nokia 3310 selt som ein ungdomstelefon.

Foto: Nokia

Den originale versjonen vart lansert i år 2000, og vart rekna som ein ungdomstelefon. Og den gamle travaren hadde mange kvalitetar som vi berre kan drøyme om i dagens smartsamfunn.

Snake Nokia 3310

KOPIEN: Den nye versjonen har framleis noko av det viktigaste, nemleg spelet «Snake».

Foto: Josep Lago / AFP

Mellom anna var det lang batteritid – om du ikkje brukte telefonen altfor mykje kunne du greie deg med å lade ein gong i veka. Telefonen vart òg rekna for å vera nærast umogleg å øydeleggje.

Den gamle klassikaren har nå gjenoppstått i ein litt meir moderne versjon. Telefonen har mellom anna kamera, større skjerm og nytt design. Han kjem også i fire ulike fargar.

Men mykje frå den originale versjonen er med inn i vår tid. Ikkje minst er det gode, gamle «Snake»-spelet framleis med.

Del av ei retrobølgje

Bjørn Eirik Loftås

ENKEL: Teknologiredaktør i Dinside, Bjørn Eirik Loftås, har prøvd den nye modellen, og seier at han er svært enkel.

Foto: Creative Commons

Teknologiredaktør i Dinside, Bjørn Eirik Loftås, trur at det er eit teikn i tida å ikkje vera pålogga heile tida.

– Det er ein del retrobølgjer som slår mot oss for tida, og det er litt kult å vera motstraums. Nokia 3310 er ein av storseljarane som nesten alle har eit forhold til. Og mange vil ha ein telefon med lang batteritid og som toler ein støyt.

Loftås meiner likevel at retrobølgja er litt påtatt.

– Ein seier kanskje at ein er litt meir motstraums enn det som er sant. Mange kjøper nok denne mobilen som reservetelefon på hytta eller på tur.

– Kva synest du sjølv om denne mobilen?

– Det er ein veldig enkel telefon. Eg synest det var kulare å lesa om han enn å prøve han, humrar Loftås.

Nokia mobiltelefoner

NOSTALGI: Gamle Nokia-telefonar.

Foto: Colourbox

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter