Eiffeltårnet blir instrument

Den amerikanske komponisten Joseph Bertolozzi skal forvandle Eiffeltårnet til eit gigantisk intrument. Operabygningen i Bjørvika har også stort musikalsk potensial, ifølge komponist Ole Hamre.

Eiffeltårnet

Eiffeltårnet vart bygd til Verdsutstillinga i Paris i 1889, ved hundreårsmarkeringa for den franske revolusjonen.

Foto: JOE KLAMAR / AFP

Joseph Bertolozzi

Den amerikanske komponisten og musikaren Joseph Bertolozzi.

Foto: Dawn Sela

Joseph Bertolozzi skal i tida framover ta opp lydane frå Eiffeltårnet og lage eit musikkverk med tittelen Musique de la Tour, eller Tårnmusikk.

Prosjektet skal etter planen munne ut i ein serie livekonsertar ved 125-årsjubileet for det 300 meter høge tårnet i 2014.

Den italienskætta komponisten fekk ideen allereie i 2004, då han gjekk forbi ein plakat av Eiffeltårnet saman med kona.

Kona lot som om ho slo på tårnet, som på ein gong, og sette med det Bertolozzi på tanken om å lage musikk med Eiffeltårnet som instrument. No har han fått planane godkjent av dei som administrerer bygget.

Mid-Hudson Bridge var prøvekanin

Joseph Bertolozzi

Bertolozzi spelar på Mid-Hudson Bridge.

Foto: Ed Thompson

Sidan han budde i New York og ikkje hadde kontakter i Paris, bestemte Bertolozzi seg for å prøve seg på eit byggverk som låg mykje nærare: 914 meter lange Mid-Hudson Bridge over Hudson River – som inspirerte komponisten og musikaren med si harpeliknande form. Arbeidet resulterte i albumet Bridge Music, som kom ut i 2009.

Høyr utdrag frå albumet Bridge Music:

Mid-Hudson Bridge

New York-brua Mid-Hudson Bridge var det første bygget Joseph Bertolozzi brukte som instrument.

Foto: flickr.com/photos/stevegatto

Slår på rekkverk og berebjelkar

I Bridge Music kjem lydane frå bruas varierte overflate, som rekkverk, berebjelkar og så vidare, som Bertolozzi slår på med ulike klubber og hammarar – til og med ein vedkubbe.

No er det altså Eiffeltårnet som skal under hammaren – bokstaveleg tala. Bertolozzi forklarer på bloggen sin at det utelukkande er dei naturlege lydane frå tårnet han er ute etter, og at han brukar teknikkar som ikkje skader tårnet eller skaper risiko for musikarane.

Sjå Bertolozzi spele på Mid-Hudson Bridge:

– Viktig at det ikkje blir ein gimmick

Ole Hamre

Ole Hamre har brukt både oljeriggar og dampbåtar til å skape musikk.

Foto: Anders Jørgensen

Den norske komponisten og musikaren Ole Hamre har laga musikk med mellom anna ein oljeplattform i Nordsjøen og fløytene på veterandampbåtar – det siste også live på Vågen i Bergen. Han trur motivasjonen bak eit slikt prosjekt er avgjerande for utfallet.

– Det viktigaste er å unngå at det berre blir ein gimmick, seier Hamre til NRK.no.

– Ein må finne dei unike musikalske kvalitetane i materialet, det ein ikkje kan finne nokon annan stad. Det er ikkje nok at det er oppsiktsvekkjande, det må ha ein musikalsk verdi.

Sjå: Slagverksensemblet SISU speler med saks, papir og reknemaskin

– Kan bli flott med mange slagverkarar i tårnet

Ole Hamre er ikkje overbegeistra for Joseph Bertolozzis musikk frå Mid-Hudson Bridge, men trur dei planlagte livekonsertane kan bli flotte opplevingar:

– Det kan bli flott å sjå massevis av slagverkarar som heng i Eiffeltårnet og spelar, viss han finn ein måte å forsterke lydene på, slik at det kan opplevast av publikum, seier Hamre.

– Å sjå dette skje vil også kunne vege opp for dei forutsigbare og litt kjedelege komposisjonene til Bertolozzi.

Musikk av Operaen i Bjørvika?

Operaen i Oslo

Det er mykje liv i og rundt Operaen i Bjørvika; kan det bli musikk?

Foto: Atle Markeng / NRK

Å spele på bygningar har ikkje stått på Ole Hamres eigen agenda, men han trekkjer fram Oslos operahus som eit bygg med stort musikalsk potensial:

– Operahuset i Bjørvika har jo mykje strålande musikk i seg, og eg trur det kunne blitt like strålande musikk av det, seier han.

– Eg tenkjer ikkje først og fremst på å spele på sjølve bygninga, sjølv om det også kunne vere spennande. Eg er mest interessert i lyden av alt livet i og rundt huset, som oppstår fordi det er i bruk.

Tilbake på Eiffeltårnet etter 35 år

Eiffeltårnet har visstnok ikkje utelukkande musikalsk verdi for Joseph Bertolozzi og kona Sheila. Det var der dei to kyssa kvarandre for aller første gong, fortalde han til New York Times då søknaden hans om å få bruke bygget vart kjend.

– Eg sa: Du skjønar, eg får kanskje aldri moglegheita til å kysse ei kvinne på Eiffeltårnet igjen, så dette er min store sjanse, sa Joseph Bertolozzi.

– Og her er vi, 35 år seinare.

Kva for eit norsk bygg synest du bør brukast til å lage musikk? Legg inn ditt forslag i kommentarfeltet!

Kulturstrøm