Hopp til innhold

Eggum lagar musikk av ditt bilete

Med ei spesiell historie og eit godt bilete, kan du gi Jan Eggum inspirasjon til å skrive ein splitter ny norsk melodi.

Jan Eggum

GLER SEG: Jan Eggum ser fram til å lage melodi av ditt beste minne frå 2012.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

– Dette høyres veldig spennande ut. Det er litt på samme måte som eg jobbar. Ideane er der, men eg treng ei historie å knytte dei til, seier Jan Eggum.

Han er ein av fleire kjente norske artistar som har sagt ja til å skrive tekst og melodi til store og små hendingar i livet ditt i NRK sitt store satsingsprosjekt «Postkort 2012 - Sangen om Norge».

Trykk her for å sende oss ditt bidrag!

Bilete og historie

Elisabeth Strand Mølster

SPENT PÅ RESPONSEN: Prosjektleiar Elisabeth Strand Mølster er spent kva fylke som er ivrigast på å sende inn bidrag.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

«Postkort 2012 – Sangen om Norge» er eit samarbeidsprosjekt mellom NRK og Norsk Forening for komponistar og tekstforfattarar (NOPA).

NRK gjennomførte eit likande prosjekt i 2008. Dette prosjektet heitte Postkort fra livet og resulterte i elleve nye norske låtar. I alt kom det inn over 200 bidrag frå folket.

No har du igjen sjansen til å bidra med materialet som kan resultere i ein ny norsk hit.

– Målet er å binde saman heile landet på bakgrunn av bilete og historiar frå folk og låtar og musikk frå våre fremste artistar. Det er meininga at låtskrivarar og artistar skal bli inspirert til å skriva ny musikk, på bakgrunn av bidraga som kjem inn frå publikum, fortel Elisabeth Strand Mølster, som er prosjektleiar for «Postkort 2012 - Sangen om Norge».

Eit bilete er alt som skal til, men publikum blir og bedt om å fortelje kvar bilete er tatt og nokre ord om historia bak biletet. Målet er å spegle breidda i Noreg i 2012.

– Eg håper at det blir meir enn berre bilete som kjem inn, jo tydelegare historie biletet har, jo lettare er det å finne utgangspunktet for ein låt, seier Jan Eggum.

Skal spegle 2012

Kven som helst kan delta. Gjengen bak «Postkort 2012 - Sangen om Norge» ønskjer seg deltakarar frå alle aldersgrupper og nasjonalitetar.

Dette kan vere ei historie frå eit skatemiljø eller ei historie frå kjøkkenet ditt. Uansett historie, skal det spegle året vi er inne i.

– Dette blir eit dokument for framtida om kvar vi står og korleis vi har det i 2012, fortel Elisabeth Strand Mølster entusiastisk.

Undervegs i arbeidet kan publikum kommunisere direkte med både artistar og redaksjonen på bloggsida til «Postkort 2012 - Sangen om Norge» .

– Det skal alltid vere muleg å få kontakt med oss. Dialog er viktig, både mot låtskrivar, artistar og publikum som sender inn bidrag.

Ny norsk musikk

Terje Qvam

HÅPER PÅ VARIASJON: Musikksjef i NRK P1, Terje Qvam, håper både kjente og mindre kjente artistar vil vere med på «Postkort 2012 – Sangen om Norge».

Foto: Jon Annar Fordal / NRK

NRK P1 er Noregs største radiokanal og ein viktig formidlar av musikk.

– For oss er det særleg viktig å løfte fram den nye norske musikken, og på den måten er vi med på og gjer vårt til at nasjonen held seg vital, musikalsk sett, seier musikksjef i NRK P1, Terje Qvam.

Han ønskjer seg artistar som har stort spenn, både i alder og sjanger.

– På den måten speglar vi den store P1-lyttargruppa godt. Eg ønskjer å få med både godt etablerte artistar som P1-lytterne kjenner til, samstundes som det hadde vore gøy om vi hadde fått med oss nokre overraskingar. Det hadde også vore interessant om nokon av tekstforfattarane som tradisjonelt skriv på engelsk, kunne brukt morsmålet sitt i dette prosjektet, seier Qvam.

Slik kan du delta!

Viss du har eit fint bilete og ei god historie. Send det til oss!

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)