Det går ein engel gjennom scenen
Dette uttrykket stammar visstnok frå ungarsk teater. Og det viser til augneblinkane då det magiske skjer. Og det er desse augneblinkane som er målet for skrivinga fortel Jon Fosse.
Både i dramatikken og i poesien er det dette han leitar etter. Og når skodespelaren eller diktopplesaren klarer å lyfte orda inn i desse augneblinkane då:
"opnar engelens venger seg
og breier seg rundt dei
Og då er det sagt"
(Frå diktet "Noko om skodespelaren")
Miles og Bach
Eg høyrer sugande blåtonar frå hornet til Miles Davis når eg les desse dikta. Og eg kjenner eit rytmisk driv frå fader Bach med ørsmå harmoniske endringar frå strofe til strofe. Jon Fosse er musikk:
"Det er ikkje så lenge sidan
berre nokre dagar
kanskje nokre år
nokre veker
Det skjedde nett
Det var der
så var det borte
Det kom
forsvann
var der
blei borte
som ei svaiande rørsle
inn der ein kan sjå
og forlate
og bli verande
utan at noko
blir forandra"
Dikta må kome
- Eg skriv ikkje dikt, seier Jon Fosse. - Det er dramatikk eg skriv. Dikta er meir for rekved å rekne. Enten finn du dei, eller så er dei der ikkje.
Men plukkar du opp eit slikt "rekved-dikt", der det ligg og duppar i fjøresteinane utanfor Strandebarm, ser du fort at årringane går lenger attende enn til lyrikkdebuten i 1986. Og held du det opp mot øyret, kan du høyre svak salmesong frå eit kvitt lite hus oppe i bakken.
"Og så står bestemor mi
der i tunet
Ho seier at ho må legge pengane frå utloddinga
i skrinet sitt
der i skåpet
etterpå må ho og eg gå i floren
sauene må fôrast
og eg skal hjelpe henne
ta silofôr ut or siloen Sov
de mine kjære
Og ver du ein god Gud.
(Utdrag frå diktet "Sov de mine kjære")
Poesi-tid
Måndag 7/4-03 kl 1930
(reprise sundag 13/4 kl 0703)
"Eg høyrer mørkret gjennom regnet"
Lise Fjeldstad les nye dikt av Jon Fosse.