Hopp til innhold

Edward Nansen

Robert Reed Flatjord har både forteljetalent og blikk for det komiske så vel som det rørande, og han geleidar lesaren på myndig vis gjennom historia om Edward Nansen.

Debutanten Robert Reed Flatjord. Foto: Paul Bernhard

Robert Reed Flatjord er ein debutant som det er all grunn til å vente seg meir av framover.

Foto: Paul Bernhard

For å seie det med ein gong: Robert Reed Flatjord er ein ambisiøs debutant, som skriv på ein måte ikkje så veldig mange norske samtidsforfattarar gjer. Kva slags måte det er, og korleis han lukkast med dette må eg gå ein omveg for å svare på.

Hovudpersonen er nemleg ein mannleg outsider, og han kjem frå ein familie som ikkje fungerer så veldig bra. Slike menn som kjenner seg utanfor i familiar der dei strevar med samhaldet, er svært hyppig brukte figurar i norsk samtidslitteratur. Ein kan kanskje seie at dette er den aller vanlegaste grunnsituasjonen i den nye litteraturen.  

Robert Reed Flatjord: Edward Nansen. Damm 2007

Robert Reed Flatjord: Edward Nansen. Damm 2007

Foto: Damm forlag

Burlesk

Men Reed Flatjord bruker stoffet på ein måte som gjer at det ikkje kjennest som ein unødvendig reprise på noko andre har skrive. Historia om Edward Nansen som tek ei omvendt klassereise frå direktørbustaden til campingvogna er fortalt i ein tone som grensar mot det burleske og med ein stor sans for omvegar via gode historier. Edward Nansen sjølv er den ”rare broren” som til tider er innlagt ein stad der dei bruker mykje tid på å lage potettrykk.

”Jeg kom hjem for to uker siden. Jeg har kjøpt potteplanter, vannet dem og tittet mye på fjernsyn. Det er krig i verden, på forskjellige steder, men det som opptar meg mest, er at jeg må ha nye joggesko. Om seks uker skal jeg dra ut til campingplassen for å møte sønnen min, Kristoffer. Jeg har bare sett ham én gang og det er over ti år siden. Jeg er ganske nervøs og har problemer med å finne komfortable joggesko.” (s. 9)

Ømskinna

Historia om Edward Nansen er halden i ein lett tone, sjølv om hendingane til dels er temmeleg kriseprega. Far skyt ei tenestejente i rein forvirring, deler av familien går på nokså nifse piller, kompisen Kenneth driv kosmetisk kirurgi på ein klinikk som mest av alt minner om teikneserien ”Riskhospitalet”, nevø David må kapre ein buss for å kome velberga frå noko som starta som eit hyggeleg vaffelselskap, og Edward sjølv har i periodar usunt mykje kontakt med oldefar og andre døde slektningar. Dermed må han inn og lage potettrykk heller enn å vere god far for sonen sin.

Edward er til tider den enkle, vise som ser gjennom fjaset og skjønar kva som er viktig her i livet. Men også den rolla er teke langt ut: Han er så ømskinna at sjølv det å slå ut bønder i sjakk verkar for brutalt.

Forteljetalent

Reed Flatjord har både forteljetalent og blikk for det komiske så vel som det rørande, og han geleidar lesaren på myndig vis gjennom historia om Edward. Om ein skal pirke på noko, må det vere at romanen verkar litt for lang, og at humoren til tider går over i blødmer, noko som ikkje kler forteljinga så godt. Dette må likevel ikkje skygge for at vi her har ein debutant som det er all grunn til å vente seg meir av framover.

 

Kulturstrøm

  • Kirken: En grusom hendelse midt i Pride-feiringen

    Kirken slår ring om Pride-feiringen, kjærlighet og mangfold etter masseskytingen i Oslo sentrum.

    – Vi våkner til skrekk-meldingen om skudd, drepte og sårede på London pub. Dette burde vært utenkelig. Det er det ikke, skriver kirkerådsleder Kristin Gunleiksrud Raaum på Facebook.

    Raaum beskriver angrepet som en sterk kontrast til feiringen av kjærlighet og mangfold, som hun deltok i fredag.

    Preses i Den norske kirke Olav Fykse Tveit skriver at han tenker og ber for alle som er rammet.

    – Grusomme hendelser med skyting, drap og alvorlige skader i Oslo sentrum i natt, midt i Pride-feiringen der mange er ute for å feire livet og kjærligheten, skriver han.

    (NTB)

  • Bent Høie: – Flagget kan vi heise i solidaritet med de som er rammet direkte

    – I dag kan ikke paraden gjennomføres for å feire og kjempe. Det er ikke trygt i følge politiet. Flagget kan vi heise i solidaritet med de som er rammet direkte og for å vise at kjærligheten alltid vil vinne, skriver Bent Høie på Facebook.

  • Ny mentor i «The Voice»

    Artisten Jarle Bernhoft tar over som mentor i den kommende sesongen av «The Voice», melder TV2.

    Mandag denne uken ble det kjent at den folkekjære artisten og mentoren Matoma, er ferdig i The Voice.

    Hans arvtager Jarle Bernhoft sier han gleder seg til den nye jobben. – Jeg klarer nok ikke å fylle tårekvoten hans, men jeg må finne mine egne sko, sier Bernhoft.

Flere kulturnyheter