Hopp til innhold

Eagles of Death Metal tilbake i Paris i kveld

Jesse Hughes i bandet Eagles of Death Metal seier han kjenner på eit stort ansvar før konserten i Paris i kveld. Men terroråtaket i november har ikkje endra synet hans på våpenkontroll.

SWEDEN-MUSIC-EAGLES-OF-DEATH-METAL

Frontmann Jesse Hughes i Eagles of Death Metal er klar for å spele i Paris igjen.

Foto: GUSTAV MAARTENSSON / Afp

89 menneske mista livet då terroristar storma inn og skaut rundt seg under konserten til Eagles of Death Metal 13. november i fjor. Terroråtaket var eitt av sju åtak i Paris denne kvelden.

Terrorangrepene i Paris

Eagles of Death Metal besøkte Paris nokre dagar etter terroråtaka.

Foto: CHARLES PLATIAU / NTB Tema

Mange band og artistar avlyste turneane sine på grunn av åtaket, men i desember var Eagles of Death Metal tilbake i Paris då dei gjesta U2 på scenen, sjølv om det irske bandet lenge nekta for at det skulle skje.

Søndag spelte dei i Noreg. Og i kveld er Eagles of Death Metal tilbake i Paris igjen. Denne gongen for å fullføre Europa-turneen dei måtte avlyse etter terroråtaka i november. Denne gongen i konsertlokalet Olympia. Staden der dei spelte sist, Bataclan, har vore stengt sidan terroråtaka.

I eit intervju med den franske tv-kanalen iTele snakkar frontfigur Jesse Hughes om den overveldande støtta bandet har fått.

– Vi har fått ein straum av støtte og kjærleik. Det er overveldande. Eg vil ikkje svikte nokon.

Framleis mot våpenkontroll

Ved Bataclan, Paris

Mange la ned blomar utanfor konsertlokalet i Paris der 89 menneske miste livet i november.

Foto: Marit Kolberg / NRK

I intervjuet får Hughes også spørsmål om det han og bandet har vore igjennom har endra synet hans på våpenkontroll. Han har tidlegare støtta retten til å bere våpen i USA, og han seier at det som har skjedd ikkje har rokka ved det synet.

– Eg trur at om eg har endra meining om noko, så er det at inntil ingen har våpen, bør alle kunne ha det. Eg vil ikkje at noko slikt skal kunne skje igjen. Eg vil at alle skal ha den beste sjansen til å overleve. Den kvelden såg eg mange døy som kanskje kunne ha levd.

No håper Hughes at konserten i kveld kan bli ein vanleg konsert, sjølv om politiet har stengt av store delar av området rundt konserthallen.

– Rock and roll har alltid vore moro, og eg vil ikkje at nokon skal kunne ta det frå meg, eller vennane mine.

Får psykologhjelp

Josh Homme i regnet på Norwegian Wood.

Josh Homme er med på scenen når Eagles of Death Metal spelar i Paris i kveld.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

I kveld kjem også Josh Homme frå Queens of the Stone Age til å vere med på scenen. Han var med å grunnlegge Eagles of Death Metal. Han håper konserten kan ha ei terapeutisk verknad.

– Eg håper eg kan gå ut på scenen og vere sterkare enn eg er no. Eg vil ikkje bryte saman framfor alle. Dette er terapi for meg, sa han til nyheitsbyrået AFP.

Under konserten kjem det til å vere 30 frivillige terapeutar og psykologar til stades. Dei skal vere klare dersom nokon i publikum skulle få ein reaksjon på konserten i kveld.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober