Hopp til innhold

E-sport blir ein del av Norway Cup

Til no har fotball regjert åleine på Ekebergsletta, men i år kan deltakarane òg få konkurrere i TV- og dataspel. – Ei naturleg utvikling for idrettsarrangement, meiner Norway Cup-generalen.

Victor Olivares og Tony Isaksen

Utviklingssjef Victor Olivares og generalsekretær Tony Isaksen i Norway Cup gler seg stort til å gjere om fleirbrukshallen til e-sportslokale.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Då eg såg e-sport frå utsida første gongen så tenkte eg at dette er ikkje så stort, innrømmer Tony Isaksen, generalsekretær for Bækkelaget og Norway Cup.

Tony Isaksen

Tony Isaksen er sjølv kjend med fotballspelet Fifa 17, men innrømmer at han stadig taper mot sonen på 10 år.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Laurdag er det avspark for fotballturneringa, der om lag 30.000 ungdommar er samla på Ekebergsletta i ei veke. Inn mot turneringa i år har det blitt jobba med å få inn e-sport. Arbeidet har kulminert i eit samarbeid med Gamer.no, som står bak spelligaen Telenorligaen her i landet.

– Når ein ser store folkemassar og kva som skjer i store hallar lenger nordover, så skjønar ein at dette er store greier. Eg er sikker på at det kjem til å ta av ytterlegare i åra framover, seier Isaksen til NRK.

Årleg samlar The Gathering på Hamar mange tusen unge og vaksne spelentusiastar både til konkurransar og generelt sosialt samkvem. No blir spel ein del av den største fotballturneringa i verda òg.

Alexander Helle Sivertsen

15 år gamle Alexander Helle Sivertsen blei signert av Viking som Fifa-profil i mai. Han gler seg stort over at e-sport blir ein del av Norway Cup.

Foto: Viking Fotballklubb

Fifa-profil: – Steg i rett retning

Under Norway Cup blir fotballspelet Fifa 17, skytespelet Overwatch og bilfotballspelet Rocket League å få spelt. Éin av dei som gler seg stort over det nye tilskotet til Norway Cup er Alexander Helle Sivertsen (15).

– Eg synest det er eit steg i rett retning, seier 15-åringen til NRK.

I mai blei Sivertsen signert som Fifa-profil av fotballklubben Viking i Stavanger.

– E-sport er den sporten som veks mest i heile verda akkurat no. Det er fantastisk at dei legg e-sport til ei så stor turnering som Norway Cup.

Finalar på hovudscena

E-sport skal få god plass i ein fleirbrukshall på Ekebergsletta. Frå måndag til onsdag kan barn og unge få prøve dei tre ulike spela. På avslutningsdagen blir det finalar på hovudscena utandørs.

Erling Rostvåg, Klanen Vålerenga fotball

Erling Rostvåg er liga- og turneringsansvarleg i Gamer.no.

Foto: Elin Martinsen / NRK

– Eg tippar dette blir veldig populært. Vi ventar skikkeleg trykk, seier utviklingssjef Victor Olivares i Norway Cup.

Det trur også Erling Rostvåg, liga- og turneringsansvarleg i Gamer.no. Han omtalar samarbeidet med Norway Cup som «ekstremt viktig».

– Vi ønskjer å få e-sport anerkjent som idrett på sikt, vi pratar mykje med Idrettsforbundet og politikarar om dette.

– Dersom Norway Cup kan vere med å vise at dette høyrer naturleg saman, at det er mykje av det same haldningsarbeidet og mykje av dei same strukturane rundt, så kan det gjere vegen kortare for e-sport, meiner Rostvåg.

Oppfordring til foreldre

Sosiale møtestader er eit stikkord som både Norway Cup og Gamer.no brukar. Ein annan ting Rostvåg håper at e-sporten får oppleve, er meir engasjement.

– Ei generell oppfordring frå meg er at folk rundt dataspelarar og e-sportarar engasjerer seg, seier han, og utdjupar:

– Éin ting idretten har som e-sport ikkje har i like stor grad, er at foreldre, tanter, onklar og nærmiljø er med på å hausse dei opp. Det synest eg dei burde byrje med. Sett dykk inn i kva ungane driv med og prøv å vere støttespelarar, det trur eg kan bli viktig framover, avsluttar Rostvåg.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober