Hopp til innhold

Dyraste utgravinga av ei skipsgrav i norsk historie – undrar seg over pengebruken

23 millionar kroner er budsjettert til utgraving og etterarbeid av Gjellestadskipet i Halden. Men ikkje alle er fornøgde med pengebruken.

Silje Hjemdal, Frp, bystyret juni 2017

UNDRAR SEG: For Silje Hjemdal, medlem av av Familie- og kulturkomitéen for Frp, er vikingfunn og andre kulturminne av stor betyding. Likevel meiner ho det er viktig med god diskusjon rundt pengebruken.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Dei får tilført store middel frå skattebetalarane. Og då er det viktig å stille spørsmål om korleis desse pengane blir brukt.

Det seier Silje Hjemdal, medlem av Familie- og kulturkomiteen for Framstegspartiet.

Sidan juni har arkeologar frå Kulturhistorisk Museum jobba med å grave ut Gjellestadskipet i Halden. Målet er å sikre seg unik kunnskap om vår eiga vikinghistorie.

Men det er lettare sagt enn gjort.

Utgravingsleder Christian Løchsen Rødsrud og arkeolog Magnus Tangen undersøker noen bordganger i Gjellestadskipet som er lagt under plast for å bevare fuktigheten.

KREVJANDE ARBEID: Her er prosjektleiar Christian Løchsen Rødsrud og arkeolog Magnus Tangen. Det som er bevaringsverdig blir sendt til Kulturhistorisk Musuem for konservering.

– Må ha ein god diskusjon

Treverket er svært nedbrote, og i tillegg er det utsett for kraftig soppangrep. Det fører til ein teknisk og tidkrevjande prosess som kostar fleire millionar kroner.

Det har heller ikkje blitt laga nokon konkrete planar for utstilling – då svært lite av skipet er i god nok stand til å stillast ut.

Det gjer at Silje Hjemdal stiller spørsmål om det kunne ha blitt løyst annleis.

– Det eg meiner på generelt grunnlag er at når ein skal ha så dyre utgravingar som dette må ein ha ein god diskusjon på om det er riktig bruk av skattebetalarane sine pengar, og kva som vil kome ut av prosjekta og befolkninga til gode, seier ho.

– Vil kome publikum til gode

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn svarer at hovudgrunnen til at løyva vart gitt nettopp var på grunn av dei dårlege bevaringsforholda, og som gjorde at det hasta å kome i gang.

Sveinung Rotevatn innstill som 1. nestleder av Venstres valgkomite.

REDNINGSARBEID: – Svært verdifull kjeldekunnskap om dette vikingskipet var i ferd med å gå tapt, og regjeringa ønskte difor å bidra til at utgravinga kunne settast i gang raskt, seier Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Svært verdifull kjeldekunnskap om dette vikingskipet var i ferd med å gå tapt, og regjeringa ønskte difor å bidra til at utgravinga kunne settast i gang raskt, seier han.

Hadde det funnest ein billigare måte å grave det ut på?

– Nei, ikkje viss ein skal sikre tilfredsstillande kunnskap om dette unike funnet av nasjonal og internasjonal verdi, seier Rotevatn.

Han legg til at denne utgravinga vil kunne avdekke fleire tapte brikker til det store puslespelet om historia om Noreg. Av den grunn vil det i høgste grad kome innbyggjarane til gode.

– Nasjonal og internasjonal ekspertise er no kopla på utgravinga og dei vil sikre kunnskapen om funnet, som på ulike måtar kan og vil bli formidla til publikum, fortel han.

– Riktig estimat

Ei av årsakene til at det kostar mykje pengar er fordi det blir brukt moderne teknologi slik at ein kan sikre seg nødvendig informasjon som kan brukast dei komande generasjonane.

Christian Løchsen Rødsrud

RIKTIG ESTIMAT: – Vi meiner at det har vorte gjort eit veldig realistisk estimat, seier prosjektleiar for utgravinga, Christian Løchsen Rødsrud.

Foto: John-André Samuelsen / NRK

For prosjektleiar Christian Løchsen Rødsrud hadde det ikkje vore aktuelt å ha gjort det annleis eller billigare.

– Vi meiner at det har vorte gjort eit veldig realistisk estimat.

Han meiner det er vanskelig å samanlikne dagens utgraving med utgravingane som vart gjort for over 100 år sidan.

– Hadde vi ikkje gjort dette etter alle kunstens reglar, og brukt dei teknikkane og metodane som finst anvendeleg, trur eg både publikum og forskingsmiljøet ville ha fordømt oss for å ikkje gjere det godt nok, seier Rødsrud.

Han legg også til at dette er langt frå det største løyvet til eit arkeologisk prosjekt.

Også Hjemdal understrekar at vikingskipa er Noregs unike bidrag til verdsarven, og at prosjekt som dette har stor kulturhistorisk betyding.

– Hovudpoenget er likevel at i framtidige prosjekt i den klassen må ein ha gode diskusjonar på kva ein får ut av det, og om ein kan gjere det på andre og billigare måtar.

Kulturstrøm

  • Netflix fortsetter satsningen i Norge i 2024

    Siden 2019 har Netflix hatt filmen «Troll», som ble strømmetjenestens mest sette ikke-engelske-film.

    I 2024 venter flere produksjoner som blant annet filmene «Lakseøya» og «Midtsommarnatt». Filmen «Snøsøsteren», basert på boken med samme navn, samt dramaserien «La Palma» er også ventet.

  • GTA-traileren er sluppet

    En av de mest etterlengtede spill-trailerne på lenge er sluppet. Den gir et glimt av hvordan det blir når GTA kommer tilbake til Vice City.

    Traileren til GTA VI viser en kvinnelig og en mannlig hovedperson – Lucia og Jason – og utspiller seg i og rundt Vice City. Det er spilluniversets svar på Miami.

    Ut fra traileren å dømme fortsetter GTA-serien i samme spor, med raske biler, våpen og muligheten for en kriminell løpebane. Sosiale medier er også viet stor plass i traileren.

    GTA – eller Grand Theft Auto – er en av de mest innbringende spillseriene noensinne. Forrige spill i rekken, GTA V, kom i 2013 og er en av tidenes største suksesser.

    (NTB)