Svenska Akademien har bestemt at dei ikkje vil arrangere eit alternativ til Nobelforedraget som tradisjonelt blir heldt den 7. desember. Det skriv Svenska Akademien i ei pressemelding. Dermed må musikklegenda Bob Dylan halde eit foredrag for å få prispengane.
Onsdag blei det kjent at Dylan ikkje kunne kome til Stockholm for å ta imot prisen i desember.
Det er store sjansar for at han kjem til å vere i Stockholm til våren, og det vil vere ein flott anledning til å halde sitt foredrag, skriv Svenska Akademien.
Nobelprisvinnaren er ikkje forplikta til å komme på prisutdelinga. Derimot må personen halde eit foredrag å få premiepengane. Mottakaren kan sende ein film eller på anna måte delta utan å vere til stades.
Ifølge Svenska Akademien må det skje innan seks månadar frå prisutdelinga 10. desember.
Nobelforedraget kan ha frie former. Det kan vere alt frå ein tale, video, til ein annan form for framføring.
OPTIMISTISK: Permanent sekretær i Svenska Akademien, Sara Danius, håper Bob Dylan kjem til Stockholm til våren.
Foto: TT NEWS AGENCY / REUTERSSekretær i Svenska Akademien, Sara Danius, seier til Sveriges Radio at ho håper Bob Dylan gjer det han har mest lyst til.
Håper Dylan held tale
– Det hadde vore fantastisk om han ville halde ein tale, det har han gjort før. Han er ein intellektuell person som er flink til å beskrive sitt arbeide og sin innflytelse. Men det hadde vore like moro å høyre ei eller anna form for framføring, seier Danius.
Les også denne:
Og denne: