NRK Meny

Kulturstrøm

  • Et lite stykke av«Maud»

    Prosjektleder Jan Wanggaard i «Maud Returns Home» overleverte søndag formiddag en spissbolt fra «Maud» da teamet som har hentet «Maud» fra Canada besøkte Roald Amundsens hjem på Svartskog. Den ligger nå i hans arbeidsværelse.

    Gave til Roald Amundsens hjem
    Foto: Eivind Molde / NRK
  • Seier nei til Melgaards "dødshus"

    Ap, SV og MDG støttar Frp sitt forslag om å seie nei til bygging av kunstaren Bjarne Melgaard sitt såkalla dødshus ved Ekely i Oslo. Tomta skal i staden bli bevart som grønt friområde, skriv Aftenposten.

  • Baron Cohen ute i hardt vêr igjen

    Fleire amerikanarar vuderer å saksøke komikaren Sacha Baron Cohen for å ha lurt dei i den nyaste TV-serien sin «Who is America». Ein av dei er republikanaren Jason Spencer som sa opp jobben sin i Representanenes hus etter at Cohen fekk han til å banne og blotte rompa si i serien. Juridiske ekspertar som NY Times har snakka med meiner saksøkarane har lite å stille opp med, og at Cohen har sikra seg mot søksmål gjennom kontraktene dei medverkande har skrive under på.