– Det er heilt i grenseland, den balanserer heilt på grensa, seier PFU-leiar Anne Weider Aasen.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) behandla onsdag morgon ei klage frå Durek Verrett retta mot Se og Hør. Klaga handla om eit oppslag på ti sider i vekebladet frå 17. desember i fjor, der helsetilstanden og sjukdommen til Verret blei omtalt.
Verrett sjølv medverka ikkje i saka, og takka nei då Se og Hør oppsøkte han på gata i Los Angeles for å spørja om eit intervju.
No har PFU vald å la Se og Hør gå fri, og gir dermed ikkje Verrett medhald i klaga.
Krevjande sak
Under drøftinga av saka, uttrykte fleire av PFU-medlemmane at det var ei krevjande sak å komma fram til ei bestemming i.
– Dersom dette hadde vore ein influensar eller nokon andre, hadde det vore ei felling. Men som ein person som til dei grader eksponerer seg sjølv og si eiga helse som forretningsmodell, må han venta at det blir sett søkelys på helsa hans. Men det hadde ikkje vore innanfor dersom det hadde vore ein kva som helst annan person, seier Gunnar Kagge, som er representant frå journalistane og tilsett i Aftenposten.
Via advokat Kyrre Eggen, skreiv Durek i klaga til PFU at:
«Durek Verrett avviste forespørselen og uttalte at han ikke ønsket noe som helst omtale eller offentliggjøring om hans sykdom, som han ønsket å holde privat. Til tross for dette publiserte Se og Hør ein massiv reportasje, på bladets forside og over 10 sider i bladet, om Durek Veretts sykdom.»
Se og Hør har på si side avvist at dei har brote god presseskikk. Dei viser blant anna til at Verrett ved andre høve tidlegare har vore open om sjukdom, blant anna i 2012.
HELSEVERKSEMD: PFU meiner det at Verrett har gjort helsa si til ein del av si kommersielle verksemd er ein viktig faktor for å la Se og Hør gå fri.
Foto: Norsk PresseforbundSjamanverksemd og påstandar
– Det er jo nettopp hans verke som lækjar, og at han kommersialiserer på svake grupper som gir god grunn til å setta kritisk søkelys mot han, sjølv om det er krevjande for klagar. Det er privat, og eg forstår at han reagerer på måten det blir gjort på, det er detaljrikt med bilde til og frå sjukehuset, og info om kva dagar han er der. Og andre ting i hans liv som kanskje ikkje kan oppfattast like relevant, seier PFU-leiar Weider Aasen.
Dei viser særleg til punkt 4.3 i Ver Varsam-plakaten som seier at ein skal ha respekt for folk sitt privatliv. Stein Bjøntegård, som representerer redaktørforeininga og NRK meiner at lista skal ligga svært høgt for å opplysa om slike helseopplysningar.
– Så har me på den andre sida sjamanverksemda hans, og påstandane om at han kan kurera seg sjølv og andre, seier han.
I drøftingsrunden spør Bjøntegård seg om helseopplysningane til Verrett er av stor nok offentleg interesse til at dei blir relevante å skriva om.
Konklusjonen er likevel at Se og Hør ikkje har brote god presseskikk.
– Dette opnar ikkje for endring i PFUs syn på kva ein skal vidarebringa av private helseopplysningar. Det må komma tydeleg fram at dette er eit unntakstilfelle, seier Bjøntegård.
Kagge meiner at Se og Hør dokumenterer godt at han bruker si eiga helse når han marknadsfører seg sjølv.
–Då meiner eg det er heilt legitimt at pressen går inn og undersøker om det faktisk stemmer, seier han.
- Les også: