NRK Meny
Normal

Kirsten Dunst skuldar på skodespelarar etter nazispøk

Skodespelar Kirsten Dunst reagerer på at ingen braut inn då regissør Lars von Trier kom med dei kontroversielle naziutsegnene på filmfestivalen i Cannes.

France Cannes Lars Von Trier Portraits Lars Von Trier

Lars von Trier seier han i framtida berre skal uttale seg om filmrelaterte ting, etter at han no er avhøyrt av dansk polit etter naziutsegna.

Foto: Francois Mori / Ap

US-127997721 Bulgari's Le Gemme Eyewear Collection Launch

Kirsten Dunst seier at journalisten som stilte spørsmålet må ta noko av skulda.

Foto: Andrew H. Walker / Afp

Den amerikanske skodespelaren Kirsten Dunst sat ved sidan av Lars von Trier då han kom med den smaklause nazispøken under filmfestivalen i Cannes. Ho seier no til den britiske avisa The Guardian at ho angrar på at ho ikkje greip inn då det heile haldt på.

– Eg haldt på å hoppe inn, for eg satt og såg på ein ven som hadde eit samanbrot. Og det han seier er forferdeleg i eit rom fullt av pressefolk. Han blei stilt eit upassande spørsmål, og hans reaksjon på det var å vitse. Men ingen lo, og han haldt berre fram med å bryte saman, seier Kirsten Dunst.

Skuldar på journalisten

Den 29 år gamle superstjerna som speler hovudrolla i von Trier sin siste film, Melancholia, kallar hendinga for ein «perfekt storm».

Ho legg mykje av skulda på journalisten som stilte eit spørsmål om von Trier sin tyske bakgrunn. Men ho legg også skulda på alle skodespelarane som satt ved sidan av von Trier, som ikkje reagerte.

– Eg forstår det ikkje. Det var mange av oss som satt der. Det var Stellan Skarsgård, John Hurt, og Charlotte Gainsbourg. Og ingen sa noko. Ingen ville hjelpe. Eg var den einaste som lente meg mot von Trier for å forsøke å stoppe han, seier Dunst medan ho ruller med auga.

Avhøyr hos dansk politi

I går vart det kjent at von Trier har blitt avhøyrt av dansk politi i samband med dei kontroversielle utsegna. Det opplyste von Trier sjølv i ei pressemelding onsdag. Dansk politi gjennomførte avhøyret på vegne av styresmaktene i Grasse i Frankrike, som i august i år sikta filmregissøren for å ha brote fransk lov ved å herleggjere krigsbrotsverk.

Ein talsmann for dansk politi peikar på at von Trier ikkje er sikta etter dansk lov.

– Me avhøyrte han i dag, men det skjedde utan ein sikting, for fransk politi har ikkje bedt oss om å sikte han, presiserar politiinspektør Karl Erik Agerbo ved det danske politiet.

Stor oppstode

– Eg ville verkeleg gjerne vere jøde. Så fann eg ut at eg i røynda var nazist fordi familien min var tysk, noko som også gav meg ein viss tilfredsheit, sa han under pressekonferansen.

Utsegna vakte stor oppstode, og han orsaka dei seinare.

I pressemeldinga onsdag skriv von Trier at han «på bakgrunn av denne alvorlege siktinga forstår eg at eg ikkje har evne til å uttrykkje meg eintydig».

– Eg har difor bestemt at eg frå i dag av held meg frå eit kvart offentleg utsegn, seier han.

– Eg vil frå no av konsentrere meg om filmane mine.

Ikkje fleire avhøyr

Han reknar ikkje med at politiet vil gjere fleire avhøyr av Lars von Trier.

– Det har ikkje kome oppmodning om fleire avhøyr frå fransk politi, seier Agerbo.

Det var under ein pressekonferanse i samband med syninga av filmen «Melancholia» på filmfestivalen at von Trier blant anna sa at han «forsto Hitler sjølv om han gjorde noko som var gale».

Kulturstrøm

  • Sterkt om Nina Simone

    Nosizwe Baqwa gjør en sterk tolkning av Nina Simones dramatiske liv i forestillingen «I am Nina», som har gått i flere runder på Nordic Black Theatre i Oslo. Nå sist under Oslo jazzfestival. Her er hun hos oss i NRK og legger igjen en musikalsk perle til oss alle.

  • Aurora i svært god form.

    Lekenheten og bruken av hele Auroras feilfrie vokalspekter gjør «Forgotten Love» til et mer definerende og fascinerende «comeback» enn forrige singel, mener P3s anmelder. Terningkast 5.

    Aurora
    Foto: Ketil Mosnes
  • Dansk nasjonalpoet er død

    Benny Andersen er i Norge er mest kjent for sitt samarbeid med sangeren Povl Dissing. Deres vise «Svantes lykkelige dag (om lidt er kaffen klar)» var en monsterhit i Norge. Benny Andersen fikk sitt folkelige gjennombrudd med diktsamlingen og platen Svantes viser i 1972. Han er en høyt elsket nasjonalskald, og utgivelsen av hans samlede dikt i 1998 slo alle rekorder for diktutgivelser. (NTB)

    Benny Andersen er død.
    Foto: Liselotte Sabroe/ritzau Scanpix / NTB scanpix